Kraftbo (Bykle gnr 15/81)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:48 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftbo
Gjerden 62f.jpg
Kraftbo pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1981
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 81
Type: Bustadeigedom

Kraftbo i Bykle vart oppsett av I/S Øvre Otra i 1978, men papirarbeidet i samband med matrikuleringa vart fyrst avslutta i 1981.

Den fyrste som budde her var ingeniøren Ivar Jordansen, som var her til 1983, då han flutte åt Birkebo, bnr 92. Ein kan lesa meir om han og familien hans der.

Då Jordansen flutte ut, flutte Jon Gjerden inn. Han kjem frå Nordstog, og er son åt Torleiv P. Gjerden og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Røysland. Tilliks med fyremannen i huset var Jon ingeniør i I/S Øvre Otra. Han arbeider framleis i kraftselskapet, men etter omorganiseringa og namneskiftet til Agder Energi heiter han teamleiar. Jon og kona hans kaupte huset her i 2001.

  • Jon T. Gjerden, f 1956
g 1990 m Liv Hilde Holm, f 1957. Born:
  • Runar, f 1992, d 2006
  • Morten, f 1997

Liv Hilde vart fødd i Stokke i Vestfold, og vaks sidan opp i Grimstad. Ho er dotter åt Else og Josef Holm. I yrkeslivet er ho fagleiar for pleie- og hjelpetenesta i kommunen.

Den eldste av sønene døydde i ei tragisk drukningsulukke sumaren 2006.


0941 Bykle komm.png Kraftbo (Bykle gnr 15/81) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjørkmyr • Neste bolk: Kraftsletta