Kraftly (Bykle gnr 15/83)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Kraftly
Gjerden 62h.jpg
Kraftly pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1980
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 83
Type: Bustadeigedom

Kraftly i Nedre Sarv i Bykle ligg øvst i husrekkja ned mot riksvegen. Tomta vart utskilt frå bnr 11 i 1979, då I/S Øvre Otra kaupte henne hjå kommunen. Kraftselskapet sette opp ein bustad her året etter, og dei fyrste som budde her var familien Silgjerd/Husefest. Dei var her til dei flutte inn i sitt eige, nybygde hus i Kyrkjelii i 1986 (sjå Kyrkjelii 6, gnr 13, bnr 31).

Etter dei nemnde kom Knut og Gunn Oddveig Trydal hit. Dei var her til 1995, då dei flutte til Trydal Der inne, og budde der i 7 år. Sidan har dei flutt oppatt til Kyrkjebygdi, og den nærare presentasjonen av dei er å finne i bolken om Suistugu, bnr 57, der dei nå bur.

Hausten 1996 brann huset åt Olav og Elise Mosdøl på gnr 13, bnr 3. Inntil dei fekk sett seg opp nytt hus heime året etter, budde dei her. Ein finn dei nærare omtala i bolken om Mosdøl.

Etter Mosdøl kom Magne Bakken og familien hans. Dei bur nå i Austmannlii på Hovden, i Tuftevegen 19-23, bnr 653, og er nærare omtala der.

Dinest, i 1998, var Lill Grethe Tveiten og Aivon Baretto innom ei stund, fyrr dei flutte vidare til eit kommunalt hus i Øvre Sarv, Suistugu, bnr 57. Den nærare omtalen av dei er plassert i bolken om Myri 3, gnr 14, bnr 70, der dei budde frå hausten 2002.

I 2000 flutte Kåre Flateland hit.

  • Kåre Å. Flateland, f 1958, ug

Kåre er frå Flateland, bnr 10, og son åt Ånund Taraldsson på det bruket og kona, Jorunn Drengsdotter, fødd Homme. Han har lærarutdanning og arbeidde i det yrket her i bygda i 1984-85. Sidan har han også skaffa seg utdannning i datafag, og var i ei årrekkje IT-konsulent i eit oljeselskap i Stavanger, inntil han vart dataansvarleg på kraftstasjonen i Brokke i 2000. Då busette han seg i Bykle att, og leigde huset her. Året etter kaupte han det hjå kraftselskapet. I 2002 vart jobben hans sentralisert bort. Han tok då til med vidareutdaning i IT-faget ved Høgskulen i Agder.


0941 Bykle komm.png Kraftly (Bykle gnr 15/83) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kraftsletta • Neste bolk: Myrli