Kraftverket i Håmårfossen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2016 kl. 17:15 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

I Håmårfossen nedafor KvamsgardaneLesjaskogen bygde Ingvald Brudeli kraftverk i 1938. Arbeidet starta om hausten med å støype golv og veggar i kraftstasjonen, deretter sjølve demninga i Rauma med inntaks- og botnluke. Så vart røyrgata med ein diameter på ca 80 cm sett saman av høvla material og 3,5 toms jernband pr meter. Likestraumsdynamoen fekk Ingvald kjøpt i Oslo. Den hadde tidlegare stått i eit lysanlegg i ein foss ved Ådals Bruk.

Dynamoen var stempla 35 KvA med 3-ledersystem 2 g. 230 v. = 460 volt. Den kom ei stund før jul i 1938, og så vart det innlagt straum til fire av naboane til Håmåren, heimgarden til Ingvald. I skumringa julekvelden vart den elektriske komfyren bore inn og julematen kunne kokast på straum for første gong.

Ingvald Brudeli kjøpte òg sagbruk som vart sett opp våren 1940 og drive av motor som fekk straum frå verket.

Etter kvart kom så vekselstraum frå A/S Eidefoss, demninga i Rauma vart utett og verket vart derfor avvikla og utstyret seld i 1952.

Kjelde