Kragerø fjordbåtselskap

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. aug. 2018 kl. 11:16 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei av ferjene til Kragerø fjordbåtselskap.

Kragerø fjordbåtselskap blei stifta i 1896 og sørgar for transport mellom fastlandet og øyane i Kragerøskjærgården.

Fram til våren 2013 dreiv selskapet busstrafikk på Stabbestad og Skåtøy i tillegg til transporten til sjøs. Frå 2013 overtok Drangedal Bilruter denne drifta. Omtrent samstundes, i mai 2013, blei Kragerø fjordbåtselskap eit interkommunalt selskap, Kragerø Fjordbåtselskap IKS. I dag eig Telemark fylkeskommune halvparten av selskapet, og Kragerø kommune eig den andre halvparten.

Etter at Kragerøbanen blei lagt ned i 1989 tok fjordbåtselskapet over jarnbanebygningen i Torvgata 1 i Kragerø sentrum. Fram til april 2017 fungerte bygningen som administrasjonsbygning for selskapet. Etter dette har selskapet hatt lokale i Ytre Strandvei 1 i Kragerø.

Selskapet har i dag (2018) tre ferjer; BF Jesper, BF Naus og MF Kragerø. I tillegg eig selskapet ein hurtigbåt ved namn "Perlen".

Arkiv

Arkivet etter Kragerø fjordbåtselskap er ordna ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder og vidare lesning

  • Heimesida til Kragerø fjordbåtselskap. (Lest 7. august 2018, kl. 11.00).
  • Finstad, Håkon, Der kommer ferja! : Kragerø fjordbåtselskap 1896-1996, Kragerø : Selskapet, 1996. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.