Kremmarholmen (Fedje gnr 169 bnr 1)

Kremmarholmen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

Kremmarholmen
S323.169.1.CD 09 096.jpg
Den gamle Kremmarholmen, frå venstre Prestestova (bnr 1) og den gamle handelsstaden (bnr 2).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 1
Adresse: Vidnappsvegen 6

1. Kristoffer Kahrs f. 1818 Toftegård (sjå Kremmarholmen 17b) d. 1874 g. 1841 m. Karen Andrea Hansd Daae f. 1817 Frøyset, Masfjorden d. 1895 (dotter av Hans Gerhardsen Daae f. 1794 d. 1881 og Sygni Hognesd f. 1790 d. 1879, jf Masfjordb. I s 154). Etter den tidlegare nemnde delinga av Kremmarholmen, fekk Kristoffer denne parten med skyld 1 ort 18 skilling. Han og familien budde i den såkalla Prestestova, som låg ved sida av hovudhuset på Kremmarholmen. Huset fekk dette namnet fordi presten hadde brukt det som overnattingsplass når han var på Fedje. Kristoffer var med i formannskapet i Lindås herad frå 1856 til 1859, i tillegg var han heradsstyremedlem frå 1866 til 1873.

Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen her oppgjeven til 5 kyrlag og utsådet 1½ tn havre og 4 tn potet. Avlinga var på 6 tn havre, 16 tn potet og 290 våger høy. Det var 4 mål dyrka åker og eng, og 21,7 mål naturleg eng. Dessutan var det 4 mål udyrka jord som kunne oppdyrkast. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var særs tungdriven, men godt dyrka. I 1865 hadde Kristoffer og Andrea 14 storfe, 40 sauer og 1 gris, og sådde 2 tn havre og 4 tn potet. Dei hadde overlate handelen til den andre brukaren på Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-2), etter at Knut Rasmussen hadde drive for dei nokre år, sjå nr 2 her. Kristoffer er nemnd gardbrukar ved folketeljinga. Det var to tenarar her då, Hans Mikal Eriksen 20 år, seinare svigerson, og Kristiana Persd 28 år, sjå Stuberg gnr 168 bnr 19-17.

Born: a. Arnold Meyer Kristoffersen Kahrs f. 1843 d. 2 veker gl. b. Hans Andreas Kristoffersen Kahrs f. 1844 d. 1926, neste eigar (3). c. Øllegård Kristoffersd Kahrs f. 1847 d. 1893 g. 1866 m. Mikal Hansen Brügger f. 1844 Torsvik, Masfjorden d. 1931 (sjå Masfjordb. I s 120), budde på Toftegård, Austrheim (jf Austrheimb. II s 275), dei hadde m.a. døtrene ca. Karen Andrea f. 1866, sjå Sulo (gnr 169 bnr 69), og cb. Gusta Lovisa f. 1872, sjå Sulo (gnr 169 bnr 15-1). d. Sina Elisabeth Kristoffersd Kahrs f. 1850 d. 1929 g. 1872 m. Mons Jonsen Birkeland f. 1845 Masfjorden d. 1896, budde ei tid på Kopper (gnr 168 bnr 1-23), sjå der. e. Alette Marie Kristoffersd Kahrs f. 1853 d. 1924 g. 1878 m. Hans Mikal Eriksen f. 1846 Børilden, Austrheim d. 1931, brukarar på Kopper (gnr 169 bnr 1-25). f. Karl Andreas Kristoffersen Kahrs f. 1858 d. 1859. g. Kristoffer Kristoffersen Kahrs f. 1858 (tvilling med f.) d. 1931 g. 1882 m. Marta Maria Henriksd Opdal f. 1862 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-16c) d. 1951, budde på Toftegård i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 280).

Enkja Andrea selde Fedje utanom Kremmarholmen (med Vestkanten) saman med svogeren Arnold til amtsagronom Peder Frostad i 1875 for 8000 spd (sjå kapitlet om Fedje sine eigarar). Deretter vart det halde skifte etter mannen Kristoffer. Netto bu var på 4905 spd, av dette 4000 spd i bank som oppgjer frå salet. Halvparten fall på Andrea, medan borna fekk 490 spd kvar. Same året gjekk Andrea over på kår, ho hadde 2 kyr og 7 sauer ved folketeljinga dette året, så det var eit bra kår. Ho hadde då fostersonen Hans Engel Daae Folkedal f. 1868 Bergen d. 1880 der (son til søstera Marta Maria Daae g.m. Severin Folkedal). Ved salet i 1875 heldt Andrea unna gnr 168 bnr 24 Børo, sjå der (19). Ved skiftet etter Andrea i 1896 var det bankinnskot på 4872 kr til deling på borna.

2. Knut Rasmussen f. 1833 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-5f) g. 1856 m. Abel Ivarsd f. 1830 Farstad i Bud, Fræna i Romsdal. Dei budde her frå giftarmålet, Knut var handelsmann og må ha styrt handelen for Kristoffer Kahrs (nr 1 her), saman med Elling Eriksen (gnr 169 bnr 2-2). Dei fekk dottera a. Anne Maria Knutsd f. 1856 d. lita, ikkje med i folketeljinga 1865, før dei flytta til Kristiansund i 1859, og fekk borna b. Ida Randine Knutsd Uthaug f. 1860 d. 1931 g.m. skomakarmeister Anders Christensen f. 1854 Røros d. 1918, bustad Kristiansund, og c. Karoline Knutsd Uthaug f. 1863 d. 1925, ugift, dreiv kolonialhandel i Kristiansund. Ved folketeljingene 1865, 1870 og 1875 der er Knut nemnd matros/skipper. Familien budde på Nordlandet, og nytta då Uthaug som slektsnamn.

Prestestova på Kremmarholmen. Den vart riven/datt ned på 1960-talet.


3. Hans Kahrs f. 1844 på dette bruket (1b) d. 1926 g. 1876 m. Sigrid Bastesd f. 1845 Rambjørg, Masfjorden d. 1916 (dotter av Baste Eriksen f. 1815 d. 1902 og Brita Guttormsd f. 1822 d. 1903, sjå Masfjordb. I s 59). Sigrid var farsøster til Kristine Nilsen, Sulo gnr 169 bnr 25-1. Hans fekk skøyte frå mora i 1875 for 600 spd på dette bruket samt Børo (gnr 168 bnr 24). Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 1 mark og 76 øre. I 1875 hadde Hans 1 hest, 1 okse, 5 kyr, 1 kalv og 15 sauer, og sådde 2 tn havre og 4 tn potet. Siri, som ho vart kalla, var tenar her då, saman med Lars Hansen f. 1854 Husa (gnr 168 bnr 7-16c) og Anna Kristina Larsd f. 1854 Sulo (gnr 169 bnr 34-1d). Tenestefolka i 1891 var Martin Steffensen f. 1865 Øksneset, Austrheim (jf Smineset gnr 169 bnr 19-1c) og Karen Sivertsd f. 1865 Austrheim (sjå Stuberg husmenn 4g). Næringa var jordbruk og fiske.

Born: a. dødfødd son f. 1877. b. Kristoffer Hansen Kahrs f. 1878 d. 1961, neste eigar (4). c. Bertina Bergitte Hansd Kahrs f. 1880 d. 1945 g. 1912 m. Lars Rasmussen Sellevold f. 1871 Alversund i Lindås d. 1941, gardbrukarar der (jf Alversundb. II s 484). d. Karen Andrea Hansd Kahrs f. 1881 d. 1968 g. 1905 m. Mikkel Andersen f. 1878 Lokøyna i Fjell d. 1952, gardbrukar og fiskar, busette der (sjå Fjellb. II s 401). e. Herman Andreas Hansen Kahrs f. 1884 d. 1912, ugift, utvandra 1902 til Amerika, arb. skogsbedrift i Portland, Oregon, eit tre fall over han og drap han på staden.

4. Kristoffer Kahrs f. 1878 på dette bruket (3b) d. 1961 g. 1901 m. Malena Mikkelsd f. 1879 Kvalvåg, Lygra i Lindås d. 1969 (jf Lygrab. s 189, dotter av Ingeborg Magnesd f. 1851 og Mikkel Monsen f. 1850, sjå Smiholmen gnr 168 bnr 55-1). Malena var søster til Kaja Nilsen, Sulo (gnr 169 bnr 56-2) og Ida Nilsen,dette bruket nr. 8. Kristoffer fekk skøyte frå faren på dette bruket samt Børo (gnr 168 bnr 24) i 1907 for 2400 kr og kår. Næringa var fiske og jordbruk. Dei hadde seks kyr, ein okse og 10-12 sauer. Kristoffer hadde M/B «Rapp» saman med sønene. Dei bygde hus på Kahrsneset, Sulo i 1908, og budde der. I 1952 vart huset frådelt og fekk gnr 169 bnr 65, sjå der. Etter at dei flytta frå Prestestova, vart den utleigt, sjå nr 7 og 8 nedanfor. Det var to husvære der. Den vart fråflytta i 1947, og vart riven/datt ned på 1960-talet.

Born: a. Anna Sofie Kahrs f. 1901 d. 1970 g. 1924 m. Martin Karlsen f. 1897 Muleide (gnr 169 bnr 7-3b) d. 1969, sjå Hesthaugen gnr 169 bnr 23-1 og Kremmarholmen gnr 169 bnr 62-1. b. Hans Kristoffer Kahrs f. 1903 d. 1909. c. Monrad Ingolf Kahrs f. 1905 d. 1993, sjå Sulo gnr 169 bnr 65-2. d. Arnold Kastberg Kahrs f. 1907 d. 1971 g. 1953 m. Borghild Walderhaug f. 1921 Langedal (gnr 169 bnr 22-1b) d. 2007, busette Neset, Sulo gnr 169 bnr 66. e. Kristofa Margrete Kahrs f. 1909 d. 1995, sjå Sulo gnr 169 bnr 65-2. f. Hans Andreas Kahrs f. 1911 d. 1997, neste eigar (5).

Einar (5b) og Hans (5a) på ski og kjelke omkring 1959.

5. Hans Kahrs f. 1911 på dette bruket (4f) d. 1997 g. 1941 m. Klara Wiken f. 1917 (gnr 168 bnr 28-15j) d. 2015. Etter at våningshuset var frådelt (Kahrsneset, Sulo gnr 169 bnr 65) og bruket delt i to med broren Arnold (Neset, Sulo gnr 169 bnr 66), fekk Hans skøyte på den resterande delen av innmarka til bnr 1 i 1952. Utmarka er framleis felleseige med gnr 169 bnr 66. Hans og Klara bygde hus på tomt i Sulo tilhørande dette bruket i 1952, dei budde først i Vika. Hans var sjømann, losbåtførar i 24 år frå 1953. Dei hadde 10-12 sauer.

Born: a. Hans Kristoffer Kahrs f. 1951, sjå Sulo (gnr 169 bnr 95-2). b. Einar Helge Kahrs f. 1954, neste brukar (6).

6. Einar Kahrs f. 1954 på dette bruket (5b), elektrikar, bustad Austrheim 1972-1982, driv gardsbruket (sauehald) og fekk skøyte i 2003. Samstundes skøyte på gnr 169 bnr 138 Midtnaustet, som ligg på Kremmarholmen. Han arbeidde på Fedje trafikksentral frå 2001 til 2021.

Leigebuarar i Prestestova (sjå nr 4 ovanfor):

7. Kristian Mikkelsen f. 1860 Træsneset (husmenn 1c) d. 1937 g. 1907 m. Lovise Johanna Gregoriusd f. 1863 Napsholm d. 1962 (dotter av Gregorius Hansen f. 1826 og Pernilla Henriksd f. 1830, sjå Gulenb. III s 140) budde her frå 1908. Kristian var fiskar. Lovise flytta til dottera etter krigen.

Barn: a. Laura Kristense Mikkelsen f. 1904 d. 1996, budde i Hesthaugen gnr 169 bnr 75-1.

8. Andreas Nilsen f. 1893 Sulo (gnr 169 bnr 56-1g) d. 1981 g. 1917 m. Ida Mikkelsd f. 1895 Kvalvåg, Lygra i Lindås d. 1963 (jf Lygrab. s 189). Ho var søster til Kaja Nilsen, Sulo (gnr 169 bnr 56-2) og Malena Kahrs, dette bruket nr. 4. Dei budde her frå om lag 1921, i det andre husværet. Andreas var fiskar. I 1947 flytta dei til Sulo gnr 169 bnr 50.

Born: a. Haldis Nelly Nilsen f. 1917 d. 2007 g. 1941 m. Andreas Gjellestad f. 1916 Bergen d. 1996, busette der, han var kontorsjef i Bergens Arbeiderblad. b. Ingeborg Nilsen f. 1919 d. 2009 g.m. em. Ivar Fredrik Bøhm f. 1899 Oslo d. 1975, busette der, hadde paraplyfabrikk. c. Magda Laila Nilsen f. 1921 d. 2015 g. 1946 m. Jon Asbjørn Eckholm f. 1919 Austrheim d. 1998, bustad Bergen (Jon var bror til Einar Eckholm, Svena gnr 168 bnr 115, sjå der). d. Anny Ingvarda Nilsen f. 1923 d. 2021 g. 1946 m. Håkon Sjøvold f. 1923 Stuberg (gnr 168 bnr 43-1a) d. 2003, busette Kopper (gnr 168 bnr 112-2). e. Olaf Mikal Nilsen f. 1926 d. 1988 g. 1950 m. Gunvor Husa f. 1929 (gnr 168 bnr 54-1b) d. 2002, busette i Sulo (gnr 169 bnr 50-2). f. Norvald Kåre Nilsen f. 1928 d. 1994, bustad Bergen, g. 1958 m. Inger Amanda Grimen f. 1935 Gulen d. 2016 (sjå Gulenb. III s 329), es. oppløyst. g. Kristen Magnus Arvid Nilsen f. 1931 d. 2022 g. 1957 m. Ruth Storemark f. 1933 (gnr 172 bnr 96-1a) d. 2018, bygde i Sulo (gnr 169 bnr 64).


  Kremmarholmen (Fedje gnr 169 bnr 1) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kremmarholmen • Neste bolk: Kremmarholmen (Fedje gnr 169 bnr 2)