Kremmarholmen (Fedje gnr 169 bnr 2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kremmarholmen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 2

Kremmarholmen er eit bruk i Fedje kommune.

1. Arnold Meyer Kahrs f. 1820 Toftegård (sjå Kremmarholmen 17c) d. 1897 g. 1841 m. Ottine Gunhild Jonsd Opdal f. 1816 Balestrand d. 1900, ho var søster til Berta Eriksen, nr 2 her, og Henrik Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-16), sjå der. Etter den tidlegare nemnde delinga av Kremmarholmen, fekk Arnold denne parten med skyld 1 ort 19 skilling. Han og familien budde i hovudhuset på Kremmarholmen. Arnold var med i formannskapet i Lindås herad frå 1848 til 1851.

Born: a. Øllegård Meyer Arnoldsd Kahrs f. 1841 d. 2 md gl. b. Anna Sofie Arnoldsd Kahrs f. 1842 d. 1931, utvandra til Amerika i 1869. c. Jon Opdal Arnoldsen Kahrs f. 1851 d. 1901, bustad Bergen. d. Kristoffer Arnoldsen Kahrs f. 1855 d. 1913, bustad Bergen. e. Øllegård Arnoldsd Kahrs f. 1858 d. 1951, bustad Skjerjehamn i Gulen (jf Gulenb. III s 32), flytta til Bergen.

Arnold kjøpte Gryta i Gulen i 1857, og flytta dit med familien, sjå Gulenb. I s 309. Den yngste dottera er fødd der. I 1859 selde han sin del av Kremmarholmen til Elling Andreas Eriksen, nr 2 her, men var framleis eigar av resten av Fedje saman med broren Kristoffer, til 1875. Sjå òg Byttestykket gnr 168 bnr 23.

2. Elling Andreas Eriksen f. 1826 Bergen d. 1872 (son av Erik Ellingsen Henjum f. 1797 og Malene Andersd f. Forberg 1798) g. 1849 m. Berta Johanna Jonsd Opdal f. 1827 Balestrand d. 1872, søster til Ottine Kahrs, nr 1 her, og Henrik Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-16), sjå der. Elling var handelsmann på Kremmarholmen då han vart gift. Han dreiv truleg handelen på vegner av Arnold Kahrs (nr 1). I 1859 fekk han skøyte av Arnold på denne parten av Kremmarholmen for 1000 spd, og dreiv handelen vidare. I tillegg dreiv dei med jordbruk med hjelp av tenestefolk. I 1865 hadde dei fire tenarar: Martinus Gudmundsen 23 år (Skotholmen gnr 170 bnr 1-14a), Martinus Ingemårsen 22 år (Moldøyna gnr 170 bnr 6-10a), Kari Larsd 49 år (sjå Moldøyna gnr 170 bnr 3-18) og Hansina Margrete Nilsd 20 år (frå Hernar, Øygarden). Dyretalet var då 11 storfe og 30 sauer, og utsådet 1 tn både med havre og potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 5,6 kyrlag og utsådet 2 tn havre og 4 tn potet. Avlinga var på 6 tn havre, 13½ tn potet og 222 våger høy. Det var 3,2 mål dyrka åker og eng, og 23,5 mål naturleg eng. Dessutan var det 4 mål udyrka jord som kunne oppdyrkast. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var særs tungdriven, men godt dyrka. Eriksen var med i formannskapet i Lindås herad frå 1864 til 1871. Han var postopnar for Fedje frå 1870 til 1872. Så var det ikkje postkontor på Fedje før i 1892, sjå Steinborg gnr 168 bnr 29-1.

Born: a. Johan Evert Eriksen f. 1850 d. 12 dg gl. b. Marta Maria Moss Eriksen f. 1851, utvandra til USA 1889, var ugift og budde saman med søstera Elvina i Chicago i folketeljingane 1910 og 1920. c. Emma Malena Eriksen f. 1853, reiste til USA 1875, den andre kjende utvandraren frå Fedje. d. Berta Johanna Eriksen f. 1854 d. 1921, flytta til Bergen 1869, starta moteforretning der, g. 1887 m. Johan Gotfred Becker f. 1857 Sørøya, Hammerfest d. 1935, kjøpmann. e. Elvina Andrea Eriksen f. 1857 d. 1924, budde i Bergen i 1875, utvandra til USA 1878, kalte seg Ella, g. 1884 m. Elias Bastian Andestad f. 1858 Kristiansund d. 1910 (utvandra 1881), handelsmann, bustad Chicago. Dei var heime på besøk i 1889. f. Johan Ernst Eriksen f. 1862, reiste til USA 1880. g. Otto Karl Opdal Eriksen f. 1864, kom til morsøstera på Gryta i Gulen i 1872, konfirmert der 1879, reiste til Amerika i 1881. h. Alethe Wilhelmine Hedvig Eriksen f. 1868 d. 1930, oppfostra hjå prost Jakob Hveding, Lindås prestegard, g. 1885 m. Torleif Torsteinsen Fretheim f. 1851 Aurland i Sogn d. 1894 (jf Aurlandsb. II s 268), prest Lindås 1880, Hamar 1885, og sokneprest Fjell frå 1891 (sjå Lindåsb. III s 524 og Fjellb. I s 72). Enkja Alethe g.2.g. m. dyrlege Guttorm Karolineus Brekke f. 1870 Eik i Skoger i Drammen d. 1939, bustad Drammen.

Den 15. april 1872 hende det tragiske at Elling Eriksen først skaut kona si Berta, og så seg sjølv. Buet etter dei vart gjort opp same året med ein underbalanse på 602 spd.

Portrett av Jørgen Jørgensen Langeland (3).

3. Jørgen Jørgensen Langeland f. 1840 Solsvika, Fjell d. 1928 (jf Fjellb. III s 267 og 303, son av Johan Jørgen Jensen Langeland f. 1812 og Malena Torgersd f. 1815 Misje, Fjell d. 1888, dreiv landhandel på Solsvika, sjå Langelandb. s 18 og 36, namnet kjem frå Eid i Nordfjord) g.1.g. 1868 Fjell m. Johanna Persd f. 1837 Misje, Fjell d. 1879 (jf Fjellb. III s 333, dotter av Per Brynildsen f. 1799 og Synneva Olsd f. 1798). Jørgen fekk skifteskøyte etter nr 2 i 1872 for 1850 spd, familien budde tidlegare i Fjell. Han heldt fram med handelen på Kremmarholmen. I tillegg dreiv dei med jordbruk og fiske. I 1875 hadde dei 6 kyr, 1 kalv og 13 sauer, og sette 3 tn potet. Dei hadde god hjelp av seks tenarar: Martinus Magnesen f. 1855 Tvibergneset, Lindås (jf Lindåsb. IV s 284), Ivar Andreas Karlsen f. 1856 på Lindås (sjå Lindåsb. III s 551), Lars Olsen f. 1860 Byrknes (bror til Anna Husa gnr 168 bnr 63-1), Udna Ivarsd f. 1830 Brotet (gnr 168 bnr 16-12c) og Margrethe Marie Knoph f. 1841 Bergen (sjå Stuberg gnr 168 bnr 19-18).

Born: a. Jørgen Johan Jørgensen Langeland f. 1869 d. 1870. b. Peder Johan Jørgensen Langeland f. 1872 d. 1959 g. 1900 m. Gusta Brügger f. 1872 Toftegård, Austrheim d. 1965, fekk ein firedel av jorda og bygde i Sulo gnr 169 bnr 15. c. Severin Martin Jørgensen Langeland f. 1876 d. 1888. d. Jørgen Johan Jørgensen Langeland f. 1878 d. 1941 g. 1902 m. Marie Jensd Nordfonn f. 1869 Fitjar d. 1955, fekk ein firedel av jorda og bygde på Mulen gnr 169 bnr 16.

4. Enkjemannen Jørgen Jørgensen Langeland (3) g.2.g. 1885 m. Mathilde Jakobsen f. 1854 frå Hellisøy fyr (gnr 173 bnr 1-4c) d. 1940. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 1 mark og 37 øre. I 1891 hadde dei tenestejentene Berta Olsd f. 1874 Sulo (gnr 169 bnr 34-2b), Randina Martinusd f. 1860 Eide (gnr 168 bnr 15-17c) og Berta Johannesd f. 1861 Byrknes (sjå Husa gnr 168 bnr 62-1). Handelen vart meir og meir ei attåtnæring, og slutta av mellom 1890 og 1900. Jordbruk og fiske vart hovudnæringa. Dette kan hengja saman med konkurransen frå ein ny handelsstad som var kommen på Steinborg. Frå 1897 var Jørgen postførar for Holmengrå fyr.

Born: a. Alfin Julius Jørgensen Langeland f. 1887 d. 1961, neste eigar (5). b. Karl Martin Jørgensen Langeland f. 1889 d. 1970, ugift, fiskar, budde her, han var den siste som budde i huset på Kremmarholmen, sjå òg gnr 169 bnr 17. c. dødfødd dotter f. 1889 (tvilling med b.). d. Anna Marie Elisabeth Jørgensd Langeland f. 1891 d. 1973 g. 1914 m. Andreas Andreassen Koppen f. 1887 (gnr 168 bnr 3-5f) d. 1968, brukarar der (6).

5. Alfin Langeland f. 1887 på dette bruket (4a) d. 1961 g. 1916 m. Hansina Nilsd f. 1884 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-16b) d. 1976 («Sina i Holmen»). Alfin fekk skøyte etter faren i 1930 for 3250 kr og kår til mora. Tre firedelar av jorda var frådelt til dei tre brørne i 1919, slik at bnr 2 òg hadde ein firedel med skyld 25 øre. Næringa var fiske og jordbruk. Dei budde på Kremmarholmen, og var den siste familien i huset her, saman med Karl (4b). Sina flytta til dottera Jenny om lag 1969. I 1978 vart huset skøytt til Foreningen for norske fortidsminnes bevaring, sjå gnr 169 bnr 109. På bnr 2 står det naust og uthus.

Born: a. Arne Harald Langeland f. 1917 d. 1975, neste eigar (6). b. Jenny Mathilde Langeland f. 1919 d. 2013 g. 1945 m. Normann Olsnes f. 1915 Vaksdal d. 2005, bygde på frådelt tomt gnr 169 bnr 60, sjå òg nr 6 nedanfor. c. Nora Marie Langeland f. 1922 d. 1965, budde her.

6. Arne Langeland f. 1917 på dette bruket (5a) d. 1975, sjømann, g.m. Sigrid Margrethe Juell f. 1923 Trondheim d. 2000, busette i Bergen. Skøyte til Arne frå foreldra i 1954. Sjå òg gnr 169 bnr 17.

Born: a. Sigrid Helene Langeland f. 1956 g. 1976, neste medeigar (7). b. Anne Langeland f. 1960, neste medeigar (8). I 1978 fekk dei to døtrene skøyte på kvar sin firedel av bnr 2 etter faren. I 1974 fekk Arnes søster Jenny skøyte frå broren på ein ideell halvpart av bruket.

7. Sigrid Langeland f. 1956 (jf 6a) g. 1976 m. Rune Trygg f. 1955 Oslo, bustad Bergen. Ho eig ¼.

Born: a. Trond-Christian Langeland Trygg f. 1978, bustad Bergen, seinare Ågotnes i Fjell, Øygarden kommune. b. Rune-Alexander Langeland Trygg f. 1982, bustad Göteborg, seinare Askøy.

8. Anne Langeland f. 1960 (jf 6b), administrasjonsleiar, g. 1985 m. Truls Øistein Lura f. 1958 Bergen, elektrikar, busette der. Ho eig ¼.

Born: a. Christoffer Langeland Lura f. 1986, salsmedarbeidar, bustad Bergen. b. Christina Langeland Lura f. 1989, helsearbeidar, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Kremmarholmen (Fedje gnr 169 bnr 2) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kremmarholmen (Fedje gnr 169 bnr 1) • Neste bolk: Havnberg (Fedje gnr 169 bnr 6)