Kristian Gerhard Wågen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 24: Linje 24:
Det er mykje som talar for at Wågen var blant dei fremste som ivra for det. Han gjer seg på denne tida gjeldande med hyppige bidrag i NKP si distriktsavis [[Arbeideren og Gudbrandsdalens Arbeiderblad]] på [[Hamar]]. Han kom med i styret for «Gudbrandsdalens abeiderparti av NKP».<ref>Arbeideren og Gudbrandsdalens arbeiderblad 12.06.1924.</ref> Det lokale kommunistlaget i Skjåk blir berømma for å ha verva 45 nye abonnentar til. Skjåk kunne med dette skilte med det beste ververesultatet i heile distriktet. Særskilt blir nettopp Wågen framheva, som aleine hadde skaffa 25 nye tingarar.  

Wågen blir på nytt vald til kommunestyret ved valet i 1925, og sat der til han flytta ut av bygda sommaren 1927.
Wågen blir på nytt vald til kommunestyret ved valet i 1925, og sat der til han reiste frå bygda sommaren 1927.
 
== Nokre omskiftelege år ==
I 1927 sa Wågen opp stillinga si i Nordberg. Sonen skriv i minneboka om dette oppbrotet: «Det var kan hende flere grunner til det, men den offisielle er i alle fall at Kristian Gerhard ville hjem til Torjulvågen og overta slektsgården Wågen.»
 
Familien var i Torjulvågen frå juni 1927 til seinhaustes 1928. Det lykkast ikkje for dei å få til lønsam gardsdrift der, og Torjulvågen vart seld året etter. Familien Wågen flytta inn til Annas bror og foreldre på Bjorli. Wågen arbeidde nokre månader rundt årsskiftet 1928-1929 som frilansjournalist på Hamar, truleg for Arbeideren. Avisa gjekk inn i 1929, og frilansverksemda var vel heller ikkje til å leve av, og iallfall ikkje til å førsørgje ein familie. Anna arbeid viste det seg også vanskeleg å få. Så bestemte Wågen seg for å dra til Amerika, medan familien var att på Lesja.
 
Amerikaopphaldet vara i tre og eit halvt år, og Wågen arbeidde som tømmerhoggar, veg- og anleggsarbeidar. Oppunder jul 1932 kom han heim att, etter å ha arbeidd seg over Atlanteren på ein båt.
 
Dei to neste åra arbeidde Wågen mest som sesongarbeidar ved Raumabanen, snørydding om vinteren, grusing og pakking av skinnegangen vinterstid. Familien leigde seg bustad i nærleiken av Bjorli stasjon, der Anna serverte på jernbanerestauranten.
 
== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==

Sideversjonen fra 10. feb. 2013 kl. 10:54

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Kristian Gerhard Wågen (fødd i Tingvoll 9. september 1891, død i Skjåk 10. september 1982) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet, seinare som arbeidarpartipolitikar. Han gjorde mykje for å forbetre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve.

Wågen var viljesterk, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar.

Oppvekst og familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Torjulvågen i Tingvoll på Nordmøre.[1] Foreldra var Kristen Toresen Wågen (fødd 1859) og Gjertrud Eriksdotter frå garden Flemmen, også i Tingvoll. Kristian Gerhard var den femte i ein syskenflokk på åtte. Både Torjulvågen og Flemmen var store gardar etter lokal målestokk. Under Torjulvågen var det seks husmannsplassar. Nokre år før Kristian Gerhard var fødd, hadde foreldra festa bort sagbrukstomt og stabelplass på gardens grunn, og det var stor bruksverksemd og skogsdrift der i oppveksten hans.

Kristian Gerhard Wågen gifta seg i 1919 med Anna Julia Torsteinsdotter Bjorli frå Lesja (1896-1982). Anna kom frå garden Systugun Bjorli, der foreldra var brukarar. [2] Bryllaupet stod der den 21. april 1919. Kristian Gerhard og Anna Wågen fekk seks born, fødde i tidsrommet 1920-1927.

Utdanning

Etter folkeskulen og kanskje noko framhaldsskule gjekk Wågen på underoffisersskulen i Trondheim. Der finn vi han i folketeljinga 1910.[3] Underoffisersskulen vart godkjent som mellomskule (gymnasførebuande) i tillegg til det reint militærfaglege kvalifikasjonane den gav. Etter militærutdanninga gjekk Wågen lærarskulen i Volda.[4]

Fyrste lærartida

Etter lærareksamen hadde Wågen nokre vikariat ved skular i Kristiania. Hausten 1917 tok han til i si fyrste faste stilling som lærar på Bjorli i Lesja kommune. I tillegg heldt han kveldskurs i norsk og rekning for vaksne elevar. Der trefte han den framtidge kona si. Wågen var svært musikalsk. Han vart kjend for songrøysta si, og spela fiolin. Han heldt kurs også i fiolinspel på Bjorli.

Han vart på Bjorli berre eitt år, da han søkte og fekk stilling i Øygard skule i Skjåk. Han tok til der hausten 1918. Han budde på garden til Rolv og Kari Øygard. Alt året etter vart det ledig stilling som lærar og kyrkjesongar i Nordberg etter Kolbein Skaare, som hadde byrja i tilsvarande stilling i hovudsoknet. Waagen fekk stillinga i Nordberg og familien flytta inn på klokkargarden der sommaren 1919.

Sosialistisk agitator og organisator

Rett over nyttår 1920, fyrste året Wågen var i Nordberg, vart det fyrste sosialistiske partilaget i Skjåk stifta, Norberget socialdemokratiske forening. Det er uvisst om Wågen var med ved stiftinga, men han gjorde seg iallfall raskt gjeldande i partilaget. Han heldt festtala på den fyrste offentlege 1. maifeiringa vi kjenner til Skjåk, i Nordheim 1921. Våren 1922 er han nemnd som leiar for laget[5] og han vart innvald i kommunestyret for partiet.

Ved partikløyvinga i 1923 følgde sosialistlaga både i Skjåk og Nordberg med over i det nye Norges kommunistiske parti.

Det er mykje som talar for at Wågen var blant dei fremste som ivra for det. Han gjer seg på denne tida gjeldande med hyppige bidrag i NKP si distriktsavis Arbeideren og Gudbrandsdalens ArbeiderbladHamar. Han kom med i styret for «Gudbrandsdalens abeiderparti av NKP».[6] Det lokale kommunistlaget i Skjåk blir berømma for å ha verva 45 nye abonnentar til. Skjåk kunne med dette skilte med det beste ververesultatet i heile distriktet. Særskilt blir nettopp Wågen framheva, som aleine hadde skaffa 25 nye tingarar.

Wågen blir på nytt vald til kommunestyret ved valet i 1925, og sat der til han reiste frå bygda sommaren 1927.

Nokre omskiftelege år

I 1927 sa Wågen opp stillinga si i Nordberg. Sonen skriv i minneboka om dette oppbrotet: «Det var kan hende flere grunner til det, men den offisielle er i alle fall at Kristian Gerhard ville hjem til Torjulvågen og overta slektsgården Wågen.»

Familien var i Torjulvågen frå juni 1927 til seinhaustes 1928. Det lykkast ikkje for dei å få til lønsam gardsdrift der, og Torjulvågen vart seld året etter. Familien Wågen flytta inn til Annas bror og foreldre på Bjorli. Wågen arbeidde nokre månader rundt årsskiftet 1928-1929 som frilansjournalist på Hamar, truleg for Arbeideren. Avisa gjekk inn i 1929, og frilansverksemda var vel heller ikkje til å leve av, og iallfall ikkje til å førsørgje ein familie. Anna arbeid viste det seg også vanskeleg å få. Så bestemte Wågen seg for å dra til Amerika, medan familien var att på Lesja.

Amerikaopphaldet vara i tre og eit halvt år, og Wågen arbeidde som tømmerhoggar, veg- og anleggsarbeidar. Oppunder jul 1932 kom han heim att, etter å ha arbeidd seg over Atlanteren på ein båt.

Dei to neste åra arbeidde Wågen mest som sesongarbeidar ved Raumabanen, snørydding om vinteren, grusing og pakking av skinnegangen vinterstid. Familien leigde seg bustad i nærleiken av Bjorli stasjon, der Anna serverte på jernbanerestauranten.

Referansar

  1. Folketeljinga 1900, Tingvoll
  2. Folketeljinga 1910, Lesja. Familie/gardsnamnet feilskrive Bjørli i den digitaliserte utgåva, originalen ikkje sjekka.
  3. Folketeljinga 1910, Trondheim.
  4. Waagen, Erling 2003. I avisomtaler er det sagt Oslo lærarskole.
  5. Gudbrandsdalens Social-Demokrat 11.3.1922
  6. Arbeideren og Gudbrandsdalens arbeiderblad 12.06.1924.

Kjelder og litteratur