Kristian Gerhard Wågen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. feb. 2013 kl. 08:14 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (→‎Krigen og okkupasjonstida: litt trykkleif og lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreKristian Gerhard Wågen (fødd i Tingvoll 9. september 1891, død i Skjåk 10. september 1982) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å forbetre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve.

Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar.

Oppvekst og familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Torjulvågen i Tingvoll på Nordmøre.[1] Foreldra var Kristen Toresen Wågen (fødd 1859) og Gjertrud Eriksdotter frå garden Flemmen, også i Tingvoll. Kristian Gerhard var den femte i ein syskenflokk på åtte. Både Torjulvågen og Flemmen var store gardar etter lokal målestokk. Under Torjulvågen var det seks husmannsplassar. Nokre år før Kristian Gerhard var fødd, hadde foreldra gjeve festetomt til sagbruk og stabelplass på gardens grunn, og det var stor bruksverksemd og skogsdrift der i oppveksten hans.

Kristian Gerhard Wågen gifta seg i 1919 med Anna Julia Torsteinsdotter Bjorli frå Lesja (1896-1982). Anna kom frå garden Systugun Bjorli, der foreldra var brukarar. [2] Bryllaupet stod der den 21. april 1919. Kristian Gerhard og Anna Wågen fekk seks born, fødde i tidsrommet 1920-1927.

Utdanning

Etter folkeskulen og kanskje noko framhaldsskule gjekk Wågen på underoffisersskulen i Trondheim. Der finn vi han i folketeljinga 1910.[3] Underoffisersskulen var på det tidspunktet treårig, og gav eit godt tilbod av allmennfag i tillegg til dei reine militære disiplinane. Men det var fyrst året etter at Wågen gjekk der at underoffiserskulen vart formelt likestilt med mellomskule og altså gymnasførebuande. Det ser ikkje ut til at Wågen tok mellomskule og artium, men utdanningsvegen er ikkje heilt klårlagd i kjeldene som er gjennomgått. Etter militærutdanninga gjekk Wågen iallfall lærarskulen, truleg i Volda.[4]

Fyrste lærartida

Mal:Thumb høyre Etter lærareksamen hadde Wågen nokre vikariat ved skular i Kristiania. Hausten 1917 tok han til i si fyrste faste stilling som lærar på Bjorli i Lesja kommune. I tillegg heldt han kveldskurs i norsk og rekning for vaksne elevar. Der trefte han den framtidge kona si. Wågen var svært musikalsk. Han vart kjend for songrøysta si, og spela fiolin. Han heldt kurs også i fiolinspel på Bjorli.

Han vart på Bjorli berre eitt år, da han søkte og fekk stilling i Øygard skule i Skjåk. Han tok til der hausten 1918. Han budde på garden til Rolv og Kari Øygard. Alt året etter vart det ledig stilling som lærar og kyrkjesongar i Nordberg etter Kolbein Skaare, som hadde byrja i tilsvarande stilling i hovudsoknet. Wågen fekk stillinga i Nordberg og familien flytta inn på klokkargarden der sommaren 1919.

Sosialistisk agitator og organisator

Rett over nyttår 1920, fyrste året Wågen var i Nordberg, vart det fyrste sosialistiske partilaget i Skjåk stifta, Norberget socialdemokratiske forening. Det er uvisst om Wågen var med ved stiftinga, men han gjorde seg iallfall raskt gjeldande i partilaget. Han heldt festtala på den fyrste offentlege 1. maifeiringa vi kjenner til Skjåk, i Nordheim 1921. Våren 1922 er han nemnd som leiar for laget[5] og han vart innvald i kommunestyret for partiet.

Ved partikløyvinga i 1923 følgde sosialistlaga både i Skjåk og Nordberg med over i det nye Norges kommunistiske parti. Det er mykje som talar for at Wågen var blant dei fremste som ivra for det. Han gjer seg på denne tida gjeldande med hyppige bidrag i NKP si distriktsavis Arbeideren og Gudbrandsdalens ArbeiderbladHamar. Han kom med i styret for «Gudbrandsdalens abeiderparti av NKP».[6] Det lokale kommunistlaget i Skjåk blir berømma for å ha verva 45 nye abonnentar til Arbeideren. Skjåk kunne med dette skilte med det beste ververesultatet i heile distriktet. Særskilt blir nettopp Wågen framheva, som aleine hadde skaffa 25 nye tingarar.

Wågen blir på nytt vald til kommunestyret ved valet i 1925, og sat der til han reiste frå bygda sommaren 1927. Seinare ser det ikkje ut til at han engasjerte seg så sterkt reint partipolitisk. Han heldt utan tvil fast ved si sosialistiske overtyding, men det er uklart om eller når han vende seg frå kommunismen til sosialdemokratiet. I seinare år vart han iallfall oppfatta som arbeidarpartimann i bygda.

Nokre omskiftelege år

I 1927 sa Wågen opp stillinga si i Nordberg. Sonen skriv i minneboka om dette oppbrotet: «Det var kan hende flere grunner til det, men den offisielle er i alle fall at Kristian Gerhard ville hjem til Torjulvågen og overta slektsgården Wågen.»

Familien var i Torjulvågen frå juni 1927 til seinhaustes 1928. Det lykkast ikkje for dei å få til lønsam gardsdrift der, og Torjulvågen vart seld året etter. Familien Wågen flytta inn til Annas bror og foreldre på Bjorli. Wågen arbeidde nokre månader rundt årsskiftet 1928-1929 som frilansjournalist på Hamar, truleg for Arbeideren. Avisa gjekk inn i 1929, og frilansverksemda var vel heller ikkje til å leve av, og iallfall ikkje nok til å førsørgje ein familie. Anna arbeid viste det seg også vanskeleg å få. Så bestemte Wågen seg for å dra til Amerika, medan familien var att på Lesja.

Amerikaopphaldet vara i tre og eit halvt år, og Wågen arbeidde som tømmerhoggar, veg- og anleggsarbeidar. Oppunder jul 1932 kom han heim att, etter å ha arbeidd seg over Atlanteren på ein båt.

Dei to neste åra arbeidde Wågen mest som sesongarbeidar ved Raumabanen, snørydding om vinteren, grusing og pakking av skinnegangen vinterstid. Familien leigde seg bustad i nærleiken av Bjorli stasjon, der Anna serverte på jernbanerestauranten.

Ny og allsidig lærargjerning i Skjåk

Hausten 1934 flytta familien attende til Skjåk, der Wågen fyrst fekk stilling som likningsassistent. Det var framståande folk i bygda som hadde oppmoda Wågen om å kome, da dei meinte at han med sine allsidige talent og energiske veremåte kunne vere til nytte for bygdesamfunnet.[7] Etter mellombels bustad på Bøje, flytta familien Wågen våren 1935 inn i den leigde bustaden Nykvea på Ramstadstronda.

Det er nå Wågen gjer sin store innsats i skuleutbygginga i Skjåk og Lom. Det same året er han blant dei fremste blant dei som fekk i gang Skjåk private millomskule. Skulen var i gang alt frå hausten 1935, og Wågen underviste der i norsk, historie og matematikk.

Frå hausten 1937 vart det innført obligatorisk framhaldsskule i Nordberg, der Wågen også var pådrivar, og der han sjølv fekk stilling. Den obligatoriske framhaldsskulen måtte innstille da krigen kom i 1940. Wågen var deretter lærar i folkeskulen i Holmork.

Wågens kjøpte bustaden Høgtun i Brukrokane nær Holmork i 1937. Der vart dei buande heilt til både Wågen og kona kom på aldersheimen i Skjåk i 1981.

Krigen og okkupasjonstida

Ved krigsutbrotet i april 1940 sette Wågen saman med Amund I. Odden og Ivar Jensen seg i spissen for det dei kalla Civilvernet, eit oppbod av frivillige karar som stilte opp med armbind og dei våpna dei hadde for handa for å halde vakt ved bruene og drive observatørverksemd. Ein tropp frivillige drog også under den befalsutdanna lærar Wågens kommando ned til Otta og stilte seg til disposisjon for dei norske styrkane der. Dei kom ikkje i kamp, men hadde vaktoppdrag og liknande.

Kor aktiv Wågen var i den væpna motstanden under krigen, er uvisst. Han var ikkje med i det lokale milorg. Det er derimot hevda at han hadde kontakt med den kommunistiske motstandsgruppa under leiing av Peder Furubotn.[8] Sonen Erling Waagen hugsar for øvrig at Furubotn var på besøk hjå dei rett etter krigen.

Wågen var iallfall aktivt med i den sivile motstanden, i fyrste rekkje i samband med læraraksjonen våren 1942. Han vart da arrestert som den einaste av lærarane i Skjåk og send til Kirkenes. Heimkomen derifrå vart han arrestert ein gong til, og sat fengsla på Hamar i tre månader. Den direkte grunnen til denne arrestasjonen framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder.

Lærar og turistvert etter krigen

I 1951 vart sentralskulen i Nordberg opna, og storskuleklassane også frå Holmorkkrinsen vart bussa dit. Wågen følgde med som lærar til Nordberg skule, og var der til han gjekk av med pensjon ved inngangen til 1960-talet. Som pensjonist var han mykje brukt som lærarvikar.

Han hadde fleire offentlege verv, mellom anna formann i skulestyret i eit par periodar og formann i Skjåk trygdekasse i 15 år.

Han og Anna starta ungdomsherberge i heimen sin i 1946, og dreiv dette til i slutten av 1950-åra

Referansar

  1. Folketeljinga 1900, Tingvoll
  2. Folketeljinga 1910, Lesja. Familie/gardsnamnet feilskrive Bjørli i den digitaliserte utgåva, originalen ikkje sjekka.
  3. Folketeljinga 1910, Trondheim.
  4. Waagen, Erling 2003. I avisomtaler er det sagt Oslo lærarskole.
  5. Gudbrandsdalens Social-Demokrat 11.3.1922
  6. Arbeideren og Gudbrandsdalens arbeiderblad 12.06.1924.
  7. Teigum, A. 2006.
  8. Øvrelid, R. 2001 side 7.

Kjelder og litteratur

  • Jubileumsomtaler ved fylte 80- og 90-årsdagar og nekrologar i Gudbrandsdølen og Dagningen.
  • Hyldbakk, Hans: Gards- og ættesoge for Tingvoll II. Tingvoll Sogelag 1963.
  • Teigum, Amund: Notat om historia til mellomskulen og gymnaset i Lom og Skjåk, 2006, kopi i bygdebokarkivet.
  • Wågen, Erling: Anna Julie - min mor. 2003. Privat mangfaldiggjort og distribuert.
  • Øvrelid, Ragnar: «Nils O. Skamsar og Milorg i Skjåk» i Gudbrandsdal krigsminnesamling. Årsskrift 2001.