Kristian Nordlid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Kristian Nordlid.Ukjent kunstnar.

Kristian Magnus Olsen Nordlid (fødd 6. mai 1846 i Østre Aker (nå Oslo), død 9. juli 1905 i Kristiania) var prest, folkehøgskulelærar og pressemann. Han var frå barneåra ivrig målmann. Han gjorde mykje til å spreie bruken av nynorsken gjennom sitt utgjevingsarbeid og med sitt foregangsarbeid med nynorsk til bruk i kyrkja. Han endra etternamnet sitt frå Olsen til Nordlid i 1889.

Familie

Foreldra var Hans Olsen (1811-1891) og Lovise Kathrine Christophersdatter (f. 1820). Faren var fiskar, og familien budde på staden Nordli på Sjursøya rett ved Oslo hamn. Han var bror til forleggaren Olaf Norli (1861-1959) og boktrykkaren Nicolai Olsen (1854-1936). Dei tre brørne samverka ein god del med utgjevingsarbeid.

Kristian gifta seg 14. mai 1874 med Maren Karine Olsen (fødd i Aker 2. mars 1849, død i Kristiania 6. juli 1920). Ho var dotter til kjøpmann Christian Olsen (Løkkegaarden) og Karen Olsdatter. Dei fekk fem born: Marta (lekjar i Kviteseid), Olav (ingeniør i vassdragsvesenet), Kristian (sokneprest), Eivind (overlærar) og Ragnhild.

Student og lærar

Kristian Nordlid vart student i 1864. Artium hadde han førebudd seg til ved å gå på Schreiners/Gjertsens skole i Kristiania, ein skule for gutar som fyrst i konfirmasjonsalderen hadde bestemt seg for å lese til artium. Nordlid tok teologisk embetseksamen i 1870. I studietida var han huslærar i Sauland (nå i Hjartdal kommune) og Mandal. Han var folkehøgskulelærar hjå Viggo Ullmann i Seljord 1871-1872 og i Skodje i 1873 hjå folkehøgskulestyrar Einar Skavlan Så var Nordlid folkeskulelærar i Drangedal 1874-1877, og var samstundes kasserar for eit vegprosjekt der.

Frå hausten 1877 hadde han post som huslærar hjå Olaus Arvesen, som dreiv Sagatun folkehøgskule ved Hamar. Deretter vart Nordlid lærar på Alvheim folkehøgskule i Enningdalen, Østfold (1879-1880).[1]>

Pressemannen

Da han var hjå Arvesen på Hamar, var Nordlid samstundes redaksjonssekretær og medstyrar i Oplandenes Avis. Det var byrjinga på ein innsats for presse og bokutgjeving som varte i mange år.

Frå 1880 var han redaktør og utgjevar av Østlandsk Tidende i Fredrikstad og Nordmanden i Kristiania til 1883. Samstundes var han engasjert med trykking og redaksjonelt arbeid i målavisa Fedraheimen 1880-1882. I 1883-1886 redigerte han Dagsposten i Trondheim. Han vart redaktør for målavisa Nordmannen i 1889 til den gjekk inn eit par år seinare. Nordmannen var starta av Kristen Stalleland og Kjetil Kjilland i Grimstad i 1887. Nordlid vikarierte for Stalleland som redaktør av Norsk Barneblad 1895-1898.

Presten

Frå 1886 kombinerte Nordlid presse- og publiseringsarbeidet med geistlege stillingar. I 1886 vart han stiftskapellan i Kristiania bispedøme. Stiftskapellanen verka som vikar i sokneprestkall i kortare eller lengre tid, til dømes som konstituert sokneprest til Varteig 6. mai 1890 til 31. januar 1891. Nordlid lærde landet betre å kjenne da han hadde oppdrag i bygder som Skiptvet, Ål, Hurdalen, Rollag og Seljord. I Seljord fekk han sokneprestkallet i 1898, ein stad han hadde gode minne frå og gode vener som Jørund Telnes og andre.

Den 17. mai 1899 vart det for fyrste gong halden heile gudstenester på nynorsk i tre kyrkjer i Telemark, derunder Seljord med Nordlid som prest. Sviktande helse gjorde at han søkte avskil frå kallet i 1903, og han budde den siste tida i Kristiania, der han døydde to år seinare. Som teolog var Nordlid sterkt påverka av Grundtvig. Olav Midtun skriv om Nordlid at «han aldri [var] nokon stiv teolog, han vilde helst vera folkelærar». Han gav ut ein del religiøse skrifter, mellom anna eit utvalg av Luthers reformasjonsskrifter, som han hadde omsett, ei bok av den skotske evangelisten og naturvitskapsmannen Henry Drummond og anna.

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. NBL 1949, Halvorsens forfatterleksikon, Funderud, O. 19xx:41