Kristian Prestgard: Forskjell mellom sideversjoner
(Lenke) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Kristian Prestgard]]''' (1866–1946), fødd i [[Heidal kommune|Heidal]], død i Decorah, USA. Prestgard var i si tid ein av nestorane i norsk-amerikansk presse. | {{thumb|Kristian og Orlaug Prestgard.jpeg|Kristian og Orlaug Prestgard ca. 1915|Ukjent/Privat eige}}'''[[Kristian Prestgard]]''' (1866–1946), fødd i [[Heidal kommune|Heidal]], død i Decorah, USA. Prestgard var i si tid ein av nestorane i norsk-amerikansk presse. | ||
Han gjekk på Ullmanns folkehøyskole i [[Seljord]] 1885–86. Etter skulevinteren i Seljord gjekk han på Askov folkehøgskule i Danmark 1886-88. Han var folkehøgskulelærar før han reiste som aviskorrespondent til verdsutstillinga i Chicago i 1893 og vart verande i USA. Han gjekk inn i den norsk-amerikanske pressa og vart redaktør i [[Decorah-Posten]] i 1898, sjefredaktør frå 1923 til han døydde. | Han gjekk på Ullmanns folkehøyskole i [[Seljord]] 1885–86. Etter skulevinteren i Seljord gjekk han på Askov folkehøgskule i Danmark 1886-88. Han var folkehøgskulelærar før han reiste som aviskorrespondent til verdsutstillinga i Chicago i 1893 og vart verande i USA. Han gjekk inn i den norsk-amerikanske pressa og vart redaktør i [[Decorah-Posten]] i 1898, sjefredaktør frå 1923 til han døydde. |
Sideversjonen fra 25. okt. 2017 kl. 06:38
Kristian Prestgard (1866–1946), fødd i Heidal, død i Decorah, USA. Prestgard var i si tid ein av nestorane i norsk-amerikansk presse.
Han gjekk på Ullmanns folkehøyskole i Seljord 1885–86. Etter skulevinteren i Seljord gjekk han på Askov folkehøgskule i Danmark 1886-88. Han var folkehøgskulelærar før han reiste som aviskorrespondent til verdsutstillinga i Chicago i 1893 og vart verande i USA. Han gjekk inn i den norsk-amerikanske pressa og vart redaktør i Decorah-Posten i 1898, sjefredaktør frå 1923 til han døydde.
Saman med Johannes B. Wist gav han ut tidsskriftet Symra i åra 1905–1914. I 1925 var han med på å skipa Det norsk-amerikanske historielaget / The Norwegian-American Historical Association (NAHA).
Han vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1925. I 1935 vart han heidersdoktor i litteratur ved Luther College i Decorah. Kommandør av St. Olavs Orden vart han i 1939.
Sommaren 1927 var han på Noregs-reise saman med ei gruppe amerikanske pressemenn. Han vitja Heidal i forkant på rundturen i Noreg. Bøkene En sommer i Norge I-II (1928) var ei frukt av Noregs-opphaldet.
Litteratur
- Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932. Ved G. Harildstad og K. Kruken. Oslo 2017.
- Prestgard, Kristian: Fra Heidal til Decorah. Veien jeg gikk. Ved G. Harildstad. Lesja 1996.