Kristian Vigdal: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 7: Linje 7:
Berta Olsdotter døydde i 1925, og i 1926 gifte Vigdal seg att med Berta Andersdotter Bjørkehaug. Same året flytte dei til Lien og året etter til [[Kleivi (Jostedalen)|Kleivi]] i Mjølvergrendi. Han fekk skøyte på bruket i 1932 og vart buande her til 1962 då han og Berta flytte til ein annan heim i Mjølver.  
Berta Olsdotter døydde i 1925, og i 1926 gifte Vigdal seg att med Berta Andersdotter Bjørkehaug. Same året flytte dei til Lien og året etter til [[Kleivi (Jostedalen)|Kleivi]] i Mjølvergrendi. Han fekk skøyte på bruket i 1932 og vart buande her til 1962 då han og Berta flytte til ein annan heim i Mjølver.  


Vigdal vart vald inn i kommunestyret i Jostedalen for Arbeidarpartiet seinast frå perioden 1932-34 då han vart varamann til formannskapet. Også i dei to neste periodane var han varamann til formannskapet. Etter at ordførar [[Ove Wangensten Haug]] flytte frå bygda i 1939 og varaordførar [[Hans Moen]] vart ordførar, fekk Kristian Vigdal ombodet som varaordførar. Moen vart avsett som ordførar av nazistyresmaktene i oktober 1941, og Vigdal let seg då oppnemne som ordførar av Innanriksdepartementet. Han vart oppnemnd på nytt frå 1. januar 1943 og hadde ombodet til 1945.
Vigdal vart vald inn i kommunestyret i Jostedalen for Arbeidarpartiet seinast frå perioden 1932-34 då han vart varamann til formannskapet. Også i dei to neste periodane var han varamann til formannskapet. Etter at ordførar [[Ove Wangensten Haug]] flytte frå bygda i 1939 og varaordførar [[Hans Moen]] vart ordførar, fekk Kristian Vigdal ombodet som varaordførar. Moen vart avsett som ordførar av nazistyresmaktene i oktober 1941, og Vigdal let seg då oppnemne som ordførar av Innanriksdepartementet. Vigdal gjekk inn i [[Nasjonal samling]], vart oppnemnd på nytt frå 1. januar 1943 og hadde ombodet til 1945.


Kristian Vigdal fekk fem born i det fyrste ekteskapet og åtte i det andre.
Kristian Vigdal fekk fem born i det fyrste ekteskapet og åtte i det andre.

Sideversjonen fra 3. aug. 2013 kl. 23:07

Kristian Vigdal (Peder Kristian) (fødd 7. januar 1885 i Luster, død 23. april 1976 i Jostedalen) var lærar og gardbrukar i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han var son av gardbrukar Peder Andersson Vigdal (1837-1888) og Kari Olsdotter (1845-1895). Ho kom frå plassen Li under Vigdalen i Luster, og her voks Kristian Vigdal opp med tre eldre sysken.

Vigdal gjekk Volda lærarskule (eksamen 1913) der den eldre broren Olav òg hadde gått. Etter lærarskulen arbeidde han eitt år i Gjestad ved Sandnes og hadde deretter ymse kortare engasjement, mellom anna på Flahamar skule i Luster. Han kom til Jostedalen då han i 1916 vart tilsett som lærar ved Krundalen skule. Seinare vart han lærar ved Mjølverdalen skule. I 1916 flytte Vigdal og kona Berta Olsdotter Kalhagen inn i ei stove på Gjerde (Fossheim under Haugen) der dei dreiv handel fram til 1926.

Berta Olsdotter døydde i 1925, og i 1926 gifte Vigdal seg att med Berta Andersdotter Bjørkehaug. Same året flytte dei til Lien og året etter til Kleivi i Mjølvergrendi. Han fekk skøyte på bruket i 1932 og vart buande her til 1962 då han og Berta flytte til ein annan heim i Mjølver.

Vigdal vart vald inn i kommunestyret i Jostedalen for Arbeidarpartiet seinast frå perioden 1932-34 då han vart varamann til formannskapet. Også i dei to neste periodane var han varamann til formannskapet. Etter at ordførar Ove Wangensten Haug flytte frå bygda i 1939 og varaordførar Hans Moen vart ordførar, fekk Kristian Vigdal ombodet som varaordførar. Moen vart avsett som ordførar av nazistyresmaktene i oktober 1941, og Vigdal let seg då oppnemne som ordførar av Innanriksdepartementet. Vigdal gjekk inn i Nasjonal samling, vart oppnemnd på nytt frå 1. januar 1943 og hadde ombodet til 1945.

Kristian Vigdal fekk fem born i det fyrste ekteskapet og åtte i det andre.

Han skreiv seg oftast Kr. Vigdal og kan såleis lett forvekslast med læraren og diktaren Kristen Vigdal (fødd 1882) frå Fortun i Luster.

Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1910 for Volda
  • Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune, s. 1038.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 644-645 og 772. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Fylkestidende for Sogn og Fjordane, 25.10.1941, 13.1.1943 og 10.5.1944.
  • Espeland, Arne. (1934). Norske skolefolk. Stavanger: Dreyer, s. 1311.


Forgjengar:
 Hans Moen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Kristen Bakken