Kristian Vigdal: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
Han var son av gardbrukar Peder Andersson Vigdal (1837-1888) og Kari Olsdotter (1845-1895). Ho kom frå plassen Li under [[Vigdal (Gaupne)|Vigdalen]] i Luster, og her voks Kristian Vigdal opp med tre eldre sysken.
Han var son av gardbrukar Peder Andersson Vigdal (1837-1888) og Kari Olsdotter (1845-1895). Ho kom frå plassen Li under [[Vigdal (Gaupne)|Vigdalen]] i Luster, og her voks Kristian Vigdal opp med tre eldre sysken.


Vigdal gjekk [[Volda lærarskule]] (eksamen 1913) der den eldre broren Olav òg hadde gått. Etter lærarskulen arbeidde han eitt år i Gjestad ved [[Sandnes]] og hadde deretter ymse kortare engasjement, mellom anna på [[Flahamar]] skule i Luster. Han kom til Jostedalen då han i 1916 vart tilsett som lærar ved [[Krundalen skule]]. Seinare vart han lærar ved [[Mjølverdalen skule]]. I 1916 flytte Vigdal og kona Berta Olsdotter Kalhagen inn i ei stove på [[Gjerde (Jostedalen)|Gjerde]] (Fossheim under [[Haugen (Jostedalen)|Haugen]]) der dei dreiv handel fram til 1936.
Vigdal gjekk [[Volda lærarskule]] (eksamen 1913) der den eldre broren Olav òg hadde gått. Etter lærarskulen arbeidde han eitt år i Gjestad ved [[Sandnes]] og hadde deretter ymse kortare engasjement, mellom anna på [[Flahamar]] skule i Luster. Han kom til Jostedalen då han i 1916 vart tilsett som lærar ved [[Krundalen skule]]. Seinare vart han lærar ved [[Mjølverdalen skule]]. I 1916 flytte Vigdal og kona Berta Olsdotter Kalhagen inn i ei stove på [[Gjerde (Jostedalen)|Gjerde]] (Fossheim under [[Haugen (Jostedalen)|Haugen]]) der dei dreiv handel fram til 1926.


Berta Olsdotter døydde i 1925, og i 1926 gifte Vigdal seg att med Berta Andersdotter Bjørkehaug. Same året flytte dei til Lien og året etter til [[Kleivi (Jostedalen)|Kleivi]] i Mjølvergrendi. Han fekk skøyte på bruket i 1932 og vart buande her til 1962 då han og Berta flytte til ein annan heim i Mjølver.  
Berta Olsdotter døydde i 1925, og i 1926 gifte Vigdal seg att med Berta Andersdotter Bjørkehaug. Same året flytte dei til Lien og året etter til [[Kleivi (Jostedalen)|Kleivi]] i Mjølvergrendi. Han fekk skøyte på bruket i 1932 og vart buande her til 1962 då han og Berta flytte til ein annan heim i Mjølver.  

Sideversjonen fra 3. aug. 2013 kl. 23:06

Kristian Vigdal (Peder Kristian) (fødd 7. januar 1885 i Luster, død 23. april 1976 i Jostedalen) var lærar og gardbrukar i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han var son av gardbrukar Peder Andersson Vigdal (1837-1888) og Kari Olsdotter (1845-1895). Ho kom frå plassen Li under Vigdalen i Luster, og her voks Kristian Vigdal opp med tre eldre sysken.

Vigdal gjekk Volda lærarskule (eksamen 1913) der den eldre broren Olav òg hadde gått. Etter lærarskulen arbeidde han eitt år i Gjestad ved Sandnes og hadde deretter ymse kortare engasjement, mellom anna på Flahamar skule i Luster. Han kom til Jostedalen då han i 1916 vart tilsett som lærar ved Krundalen skule. Seinare vart han lærar ved Mjølverdalen skule. I 1916 flytte Vigdal og kona Berta Olsdotter Kalhagen inn i ei stove på Gjerde (Fossheim under Haugen) der dei dreiv handel fram til 1926.

Berta Olsdotter døydde i 1925, og i 1926 gifte Vigdal seg att med Berta Andersdotter Bjørkehaug. Same året flytte dei til Lien og året etter til Kleivi i Mjølvergrendi. Han fekk skøyte på bruket i 1932 og vart buande her til 1962 då han og Berta flytte til ein annan heim i Mjølver.

Vigdal vart vald inn i kommunestyret i Jostedalen for Arbeidarpartiet seinast frå perioden 1932-34 då han vart varamann til formannskapet. Også i dei to neste periodane var han varamann til formannskapet. Etter at ordførar Ove Wangensten Haug flytte frå bygda i 1939 og varaordførar Hans Moen vart ordførar, fekk Kristian Vigdal ombodet som varaordførar. Moen vart avsett som ordførar av nazistyresmaktene i oktober 1941, og Vigdal let seg då oppnemne som ordførar av Innanriksdepartementet. Han vart oppnemnd på nytt frå 1. januar 1943 og hadde ombodet til 1945.

Kristian Vigdal fekk fem born i det fyrste ekteskapet og åtte i det andre.

Han skreiv seg oftast Kr. Vigdal og kan såleis lett forvekslast med læraren og diktaren Kristen Vigdal (fødd 1882) frå Fortun i Luster.

Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1910 for Volda
  • Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune, s. 1038.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 644-645 og 772. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Fylkestidende for Sogn og Fjordane, 25.10.1941, 13.1.1943 og 10.5.1944.
  • Espeland, Arne. (1934). Norske skolefolk. Stavanger: Dreyer, s. 1311.


Forgjengar:
 Hans Moen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Kristen Bakken