Kristofer Leirdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristofer Leirdal.
Foto: Yngve Sakarias Leirdal.

Kristofer Leirdal (født 15. desember 1915, død 6. juli 2010) var ein bilethoggar frå Aure kommuneNordmøre. Han var son av småbrukar og snekkar Sakarias Skogan (1880–1951) og Karen Leirdal (1883–1966), og var gift med Aina Thiis (f. 1924).

Leirdal laga fleire skulpturar til Nidarosdomen i Trondheim, hovudsakleg frå 1941 til 1942 og 1946 til 1983. Han var sentral i oppbygginga av eit vitalt kunstmiljø i byen. I Steinkjer har han laga statuen «Mann og hjul» i parken ved Biltilsynets verkstedhall (1970) og relieffet «Livets gang» kring hovudinngangen ved Steinkjer krematorium (1951).

Utdanning

Leirdal si fagutdanning var: Møbellinja ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1936-1938), bilethoggarlinja ved Statens Kunstakademi (1938-1940) og Det kongelige kunstakademi i København (1945-1946).

Arbeid

"Jola, Sola-hemmeln og Sjyn" er utstilt i Aure rådhus. Innstallasjonen var laga på bestilling frå Aure kommune
Foto: Kenneth Kiplesund

Kristofer Leirdal laga fleire hovudverk for Nidarosdomen, blant anna «Den seirende Kristus» (1956) og «St. Mikael» (1965). Han står også bak andre verk som er utstilte offentleg: Krigsmonument ved Domkirkegården i Trondheim (1948), monument over dei omkomne etter Titran-ulykka på Frøya i 1899 (1949), «An-Magritt og Hovi-stuten» ved Ila kyrkje (1967), monument over krigsseglarane på Krigsseilerplassen i Trondheim (1982) og trerelieffet «Jola, Sola-hemmeln og Sjyn» i Aure rådhus (1985).

Anna

Leirdal var ein av stiftarane av Kunstskolen i Trondheim, og 1946-1952 var han lærar for skulpturklassen der. Han var også lærar i plastisk form ved Institutt for form og farge på arkitektavdelinga ved NTH 19521982. I utviklinga av Trondhjems Kunstforening spela Leirdal ei stor rolle, og han var også aktiv i utviklinga av det som i dag er Trondheim kunstmuseum.

Ridder av 1. klasse

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs minnesjetong i sølv (1965), Domkirkemedaljen i gull (1986), Trondheim kommunes kulturpris (1987). Sør-Trøndelag fylkeskommunes kulturpris (1987) og ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden (1997).

Kjelder og linkar

Krigsminnesmerket ved Domkirkegården i Trondheim er utført av Kristofer Leirdal.
Foto: Chris Nyborg (2014)