Kristofer Uppdal (1878–1961)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kristofer Uppdal»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristofer Uppdal kring 1893.
Foto: Ukjend
Kristofer Uppdal i 1901.
Foto: Ukjend
1. mai-markering ved bysta av Kristofer Uppdal ved Steinkjerelva.
Foto: Gunnar Kristiansen (2008).

Kristofer Uppdal (fødd 19. februar 1878 i Beitstad, død 26. desember 1961 i Oppdal) var forfattar. Han sto bak det store romanverket Dansen gjenom skuggeheimen, utgjeve mellom 1911 og 1924. Han reknast gjennom dette verket og gjennom sine dikt som ein nyskapar og ein av dei som førde modernismen inn i norsk litteratur. Saman med Olav Duun nemnast han òg som ein fornyar av nynorsk skriftspråk.

Slekt og familie

Han var son av gardbrukar Sivert Jakobsen Opdahl (1845–etter 1938) og Anna Petrine Paulsdotter Landsem (1856–1885).

I 1913 vart han gift med sjukepleiar og seinare forfattar Bergljot Isabella Magnussen (1889–1936). Ho var dotter av kjøpmann Johan Magnussen og Berthe Olsen.

Liv og virke

Han var det første bornet til Sivert Opdahl og Anna Petrine Landsem. Dei fekk fire born saman før ho døydde i 1885, då Kristofer var berre sju år gamal. Faren gifta seg opp att, og fekk ti born i det andre ekteskapet. Som tiåring måtte Kristofer Uppdal ut i arbeid som gjetar. Han hamna på Langaas i Ogndal, der læraren Ernst Kvarving tok seg av han. Ei tid kalla han seg Kristofer Stenseng, etter garden til Kvarving. Etter som han vokste til var han onnekar, køyrekar, tømmerhoggar, teglverksarbeidar, gruvearbeidar og vegarbeidar.

Dei første dikta som kom på prent sto i Hermod, lagsavisa til Ungdomslaget Ogna, i 1896. I to vintrer, 1897/1898 og 1898/1899, gjekk han på Namdal folkehøgskule. Han byrja å skrive i lokalavisa Mjølner. I tida då han var anleggsarbeidar, frå 1899 til 1910, skreiv han på brakka etter tunge ti-timars dager. Han organiserte seg i Norsk Arbeidsmandsforbund, og var tillitsvald på fleire arbeidsplassar. I 1910 var han sekretær på kongressen til Landsorganisasjonen.

Vinterstid er det lite arbeid å få for anleggsarbeidarar, så han nytta den tida til å lese og lære. Vinteren 1900/1901 vart det eit opphald på Askov Højskole i Danmark. Neste vinter var han i Kristiania, der han sat mykje på Deichmanske Bibliotek og Universitetsbiblioteket. I 1905 byrja han skrive namnet sitt Uppdal i staden for Opdahl. Vinteren 1910/1911 budde han i Kristiania og var forfattar på heiltid. Han fekk økonomisk hjelp av ein ven for å klare dette. De første romanen, Dansen gjenom skuggeheimen, kom i 1911 og vart tittelroman for det store verket. Romanane Trolldom i lufta og Røysingsfolke kom etter kort tid, og det gjorde òg diktsamlinga Snørim. Han hadde òg gitt ut fleire diktsamlingar og forteljingane Ved Akerselva. Han fekk mykje merksemd frå kritikarane, som såg at her var det noko nytt i norsk litteratur. I desse første verka skeiv han på dialekt, og særleg visene er på reint trøndermål.

Han fekk eit stipend så han kunne reise ut av landet, og i 1913–1914 budde han med kona i Tyskland. Attende i Noreg vart han vikar for redaktøren i For Bygd og By, og frå 1917 til 1925 var han litteraturkritikar i Den 17de Mai. Han haldt fram med romansyklusen, som innan 1924 var oppe i ti band. De tre eldste banda vart omskrive og gitt ut på ny. Han gjekk bort frå å skrive på dialekt, og gjekk over til nynorsknormalen. Han var ein tid talsmann for høgnorsk, men gjekk seinare dels attende til å skrive på dialekt.

I 1923 ramla livet saman for familien. To små born døydde, og kona havna på psykiatisk sjukehus. Kristofer Uppdal klarte seg ei tid, men tre år seinare vart han først innlagt på ein psykiatrisk privatklinikk, og så var han på Gaustad sykehus i to år. Han kom i gong med å skrive att, og med hjelp frå Oskar Braaten og Olav Dalgard kom han seg ut frå sjukehuset. Han fekk eit nytt stipend og kunne reise utanlands ei tid. Ei sak om diktarløn frå Staten vart røysta ned på Stortinget fleire gonger, og først i 1939 fekk han den. Han skriv fleire nye verk i tida etter 1930.

Etter at kona døydde i 1936 flytte han frå Oslo til Folldal I 1947 flytte han så vidare til Oppdal, der han budde resten av livet. Han døydde av hjerneblødning i heimen 2. juledag 1961.

Kristofer Uppdals veg i Trondheim og Kristofer Uppdals gateNotodden er oppkalla etter han. Det er reist ein byste av han i Steinkjer.

Kilder