Kroné (Bykle gnr 17/12-13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Kroné
Trydal 42.jpg
Kroné 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Skarberg
Rydda: 1917
Utskilt: 1919
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 9
Type: Gardsbruk

Kroné, også kalla Skarberg, ligg ved nordaustenden av Motjønni i Bykle kommune. Tek ein innetter gamleveg frå Moen er dette fyrste verestaden ein kjem til. Som namnet tilseier er det ei kro. På nordsida lyfter Den store ufsi seg, austetter har dei Urinn og Krofjødd, sudetter Oppå haugen og Vardebrokke mot Øytjønnsåsen.

Det var brørne Olav og Ånund Knutssøner Skarberg som sette i gang med bureising her i 1917. Desse var søner av Knut Ånundsson Trydal og kona, Torbjørg Halvorsdotter, fødd Uppstad. Det gamle namnet på staden var Kroné, men då skarbergkarane fekk tinglyst eigedomsretten sin, valde dei å kalle den nye heimen Skarberg etter bruket dei kom ifrå (gnr 9, bnr 3). Til dagleg vert vert staden likevel omtala som Kroné.

Då dei sette i gang her, kom skarbergbrørne frå Bjørnarå Der heime, der far deira var brukar for Torgeir Bjørgulvsson. Såvidt me kan oppfatte varde dette til 1920, men då var Torgeir Bjørnarå vaksen, og ville bruke garden sjølv. Etter dette flutte Knut og Torbjørg frå Bjørnarå til sønene på Kroné. Torbjørg døydde her i 1935, Knut tre år seinare.

Kroné var etter gamalt sameige mellom Nordstog og Der inne, men etter omkalfatringane kring hundreårskiftet høyrde ein teig til Moen og ein til Der inne. Dermed vart det på papiret to bruk, der bnr 12 kom frå Moen medan bnr 13 kom frå Der inne. Men det var ikkje slik at dei to brørne kaupte kvar sin bit, dei hadde sameige på båe teigane, og dreiv bruket ilag. Skylddeling vart halde og skøyte skrive i 1919, men alt året fyre hadde dei stogehuset sitt under tak. Uthuset hadde dei ferdig i 1922. I 1942 bygde Olav seg ny stoge, omlag maken til den gamle, slik at dei to brørne hadde kvar sitt hus.

  • Ånund Knutsson Skarberg, f 1890, ug, d 1974

Me kjem attende til Ånund nedanfor, men fyrebils går me over til broren:

  • Olav Knutsson Skarberg, f 1893, d 1969
g 1932 m Birgit Øyulvsdtr. Løyland, f 1906, d 1981. Born:
  • Torbjørg, f 1933, husmor, d 1993, g 1954 m Teodor Gundersen, f 1931, busett Tjore ved Grimstad, born:
  • Gunnar Jan, f 1954
  • Olav, f 1957
  • Knut, f 1934, d 1958, transportarb., døydde i ei arbeidsulukke i Kristiansand
  • Jorånd, f 1936, d 1999, g m Leif Lærøen, Bergen, d 1994, busett Bergen til 1988, sidan Nistog Tykkholt, Trydal, ikkje born
  • Daniel, f 1939, bilmek., g 1966 m Eldbjørg Juklerød, busett Kristiansand, born:
  • Linda, f 1967
  • Olav, f 1968
  • Eilif, f 1973
  • Åsta, f 1942, husmor, g 1963 m Sigurd Arne Linn, f 1937, busett Follebu, born:
  • Johnny, f 1963
  • Laila Birgit, f 1965
  • Kurt Ole, f 1966 (sjå nedanfor)
  • Irene, f 1969
  • Ingolf, f 1970
  • Ånund, f 1948, d 1996, g 1967 m Anne Lise Wathne, sjå nedanfor
  • Trygve, f 1951, lagerarb., busett Evje, g 1974 m Anne Knutsdtr. Nomeland, f 1950, born:
  • Britt, 1974
  • Inger Lise, f 1975

Birgit Ø. Skarberg kom frå Myri under Løyland. Ho var dotter åt Øyulv Torleivsson Lunden og kona, Jorunn Ånundsdotter, fødd Byklum. Jorunn att var syskenbarnet åt Knut Skarberg, og Birgit og Olav Skarberg var såleis tremenningar, Eivind Ånundsson Stavenes var gamlegodfar åt dei båe.

Olav sat i kommunestyret i Bykle i mange år. Etter frigjeringa i 1945 var han også ordførar eit bil. Han representerte Arbeidarpartiet.

Buskapen på bruket var ei kyr, stundom to, og 8-10 sauer. For å skaffe nok for til desse dreiv Olav og Ånund i mange år og slo graset på Skarberg ved Bossvatn, rodde høyet til Holen, og køyrde det derifrå til Trydal. Dertil dreiv dei med markeslått i heimemarka.

Men Kroné var ikkje noko bruk å liva av, og både Ånund og Olav arbeidde i vegstellet. Fyrst på 1960-talet flutte Ånund ifrå. Han tok ned stoga si, og lafta henne oppatt på Optestøyl, der systera budde. Der heldt han sidan så lenge han livde. Nokre år seinare, det var i 1968, flutte også Olav ifrå. Frå då av budde han og familien i Kristiansand.

Eitt av barneborna åt Olav og Birgit lyt seiast litt meir om, om han aldri så mykje fell utanfor den vanlege ramma for dei som vert nøyare omtala i denne boka. Dette gjeld Kurt Ole Linn, som er son åt Åsta Skarberg og Sigurd Arne Linn. Han er utdanna historikar, og hovudfagsoppgåva hans, som me har hatt ein god del hjelp av i arbeidet med bygdeboka, vart levert ved Universitetet i Oslo i 1995. Ho har tittelen: Ei lita bygd i strid for livet. Om levekår og kraftutbygging i Bykle i 1950- og 60-årene. Sist me høyrde gjete han (hausten 2003) arbeidde han i den norske utanrikstenesta, og var då stasjonert i Ankara, Tyrkia.

Daniel Olavsson i Kristiansand overtok heimelen til bnr 12 etter faren i 1968, og sette seg opp ei hytte på eigedomen.

Den andre teigen, bnr 13, var det broren Ånund som fekk. Også han var busett i Kristiansand, men i 1980 flutte han og familien hans attende til Kroné.

Ånund O. Skarberg på utsnitt av skulebilete frå 1963.
  • Ånund Olavsson Skarberg, f 1948, d 1996
g m Anne Lise Wathne, Stavanger, f 1947. Born:
  • Jan Martin f 1969, IT-konsulent, busett Kristiansand, ug
  • Knut Erik, f 1970
  • Monica, f 1972, student, busett Bykle, born:
  • Amalie, f 1998, far: Svein A. Holte
  • Tuva, f 2004, far: Asle Simonsen

Ånund og Anne Lise gifte seg i 1968. Etter flytjinga til Bykle budde dei i huset etter Olav til 1986, då dei sette seg opp ny stogebygning, og reiv det gamle huset. Ånund arbeidde som langtransportsjåfør, men dei siste åra han livde hadde han hjarteproblem. Han døydde då nystoga hans brann opp i 1996. Anne Lise overtok heimelen til bnr 13, og bygde oppatt huset på den same tomta.

Knut Erik, son hennes, sette seg opp eit nytt bustadhus på eigedomen i 1994. Det står omlag på same staden som der gamlestoga av Ånund Knutsson hadde stått.


0941 Bykle komm.png Kroné (Bykle gnr 17/12-13) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hagen (Strandehagen) • Neste bolk: Grasbrokke