Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn mot kulturminneområdet i 1963. I framgrunnen Mølmshaugen.
Foto: Widerøe's Flyveselskap

Øverlismoen er eit området like vest for Strande, i nyare tid best kjent som Lisser, men som er nemnt med dette namnet da eigarane i 1855 selde tomt til Lesjaskog kyrkje til Lesja kommune.[1] Kring Lisser og austover til kyrkja, eigentleg til Mølmsåe er det samla mange kulturminner innafor eit nokså lite område. Ein finn i alle fall minne frå 1600-talet, kyrkja (sjølv om ho ikkje kom hit før i 1855) og trekolproduksjon, frå driftsformer i landbruket (kunstig vatning), samferdsel, sosiale samlingar, turisme, dramatiske krigshandlingar, forsøk på museumsdrift med meire.

Gjennom fleire synfaringar dukkar det opp stadig fleire spor etter menneskeleg verksemd. Av den grunn er området under tilrettelegging for oversynsskilt og skilt ved kvart kulturminne per 2022. Desse skal berre ha namna på kulturminnet og ein QR-kode som viser til omtalen her på lokalhistoriewiki. Lesjaskog skule deltek i prosjektet, som har fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Førebels er det omtale av desse kulturminna:

Området var ferdig skilta og vart opna ved ei enkel markering 10. juli 2022.

Bilde frå området

Referansar

  1. Avskrift av gåvebrev datert 16. april 1855 trykt i Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog desember 1976.