Kvam kyrkje (Nord-Fron)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 4. aug. 2017 kl. 11:04 av Kallrustad (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvam kyrkje (Nord-Fron)
Kvam church, Nord-Fron, Norway (Rear).JPG
Foto: Anders Einar Hilden (2007).
Stad: Kvam
Byggeår: 1952
Arkitekt: Magnus Poulsson
Materiale: Tre
Sitteplassar: 450

Den noverande Kvam kyrkje er ei korskyrkjeKvam i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Ho vart bygd i 1952. Arkitekt var Magnus Poulsson, og Arve Hagen stod for utsmykkinga. Byggverket er i tre og har 450 sitjeplassar. Kyrkja har kyrkjegard med ein minnelund over britiske soldatar som omkom i trefningane her i 1940.

Her frå Herrens eige hus,
reist på ny or brann og grus,
helsar klokkeklangen
kyrkjefolk på vangen.

Veit du ikkje mål og med,
her er livsens von og fred.
Her finst sjelehelse.
Her finst trøyst og frelse.
– Einar Hovdhaugen og N. Ringdal.
Inskripsjon på kyrkjeklokkene [1]

Dei gamle kyrkjene

I tidlegare tider gjekk kvamværar til ei stavkyrkje på garden Vik, men i 1775 gav kongen løyve til å byggje ei ny kyrkje på Røssumvollen.[1] Den nye kyrkja, bygd i 1776, var ei korskyrkje i tømmer med plass til 300 personar. Denne kyrkja vart øydelagt fredag den 26. april 1940[1] under kampane mellom tyske og britiske soldatar. Kyrkja og eit hundretals hus vart skotne i brann. Det einaste som er att etter den gamle kyrkja, er ei lita kyrkjeklokke, spiret og ei dør. Oppbygging av ny kyrkje på same staden tok til i 1945,[1] men det skulle ta 12 år føre dei kunne høyre kyrkjeklokkene ringe på Kvam att.

Lenkjer

Minnesmerket over dei britiske soldatane som døydde under trefningane ved Kvam i 1940.
Foto: Atle Råsberg

Referanser

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ole Arnfinn Torgersrud (1952) «Den gamle og den nye kyrkja i Kvam» – i: Årbok for Gudbrandsdalen 1952 (red. M. Høgåsen) – Dølaringen, Gudbrandsdalen.

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Kvam kirke (Nord-Fron)» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.

Koordinater: 61.6656° N 9.69437° Ø