Kvamsøy kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. nov. 2013 kl. 08:16 av Cnyborg (samtale | bidrag) (koordinater og kulturminnesøk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvamsøy kyrkje
Kvamsøy kyrkje.JPG
Sted: Kvamsøy
Byggeår: omkr. 1280–1300
Kirkegård: Kvamsøy kirkegård
Teknikk: Mur
Materiale: Stein
Sitteplasser: 210

Kvamsøy kyrkjeKvamsøy i Balestrand kommune vart reist omkring 1280–1300. Øya var i mellomalderen ei viktig hamn, og hadde derfor si eiga soknekyrkje. Regneskapane fortel om mange gåver frå reisande som la til i hamna. Sida 2004 ligg kyrkja i Balestrand kyrkjelyd. Ho er ikkje lenger i fast bruk, for kring 1900 fekk Kvamsøy sokn ny kyrkje, Sæle, lengre vest ved Sognefjorden. Det er gudstjeneste i kyrkja ein søndag i mai og på olsok, og elles nyttast ho til nokr gravferder.

Kyrkje er reist i ein enkel stil. Ho har ein rektangulær grunnplan, der koret har samme breidd som skipet. Stilen er vestnorsk gotikk. Kyrkja vart forsterka i 1680-åra, etter at ei synfaring viste at det var skader i murverket.

Altertavla frå 1716 har ei avbildning av Jesus på korset. Døpefonten er frå 1500-talet, og er laga som ein jarnring som held eit dåpsfatet frå same århundre.

Kjelder

Ekstern lenkje

Koordinater: 61.12849° N 6.481835° Ø