Kvivstunnelen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 14:13 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Nørdre Kalvatn i Austefjorden i 1963. Kvivsvegen kjem ut frå Kalvatntunnelen i åsen til venstre, kryssar elva bak kanten på dyrkamarka og går inn i Kvivstunnelen i åsen til høgre
Foto: Widerøe's Flyveselskap
Utsyn mot Nørdre Kalvatn juli 2009 der ein kan sjå anleggsarbeidet er starta
Foto: Oddvar Høydalsvik

Kvivstunnelen er den lengste av tunnelane i Kvivsvegsambandet. Den offisielle markeringa av start på anleggsdrifta her var den 22. januar 2009. Ei sprengstoffsalve vart avfyrt i vegtraseen som ei markering. Det var tale av ordførar i Volda og vegvesenet sine representantar orienterte om prosjektet.

Ei markeringssalve vart avfyrt 8. desember både på Kalvatn og Grodås. Det markerte at tunneldrivinga tok til. Tunnelen skal drivast frå båe sider med 3245 m frå kvar side.

Spesifikasjonar for heile tunnelen:

Lengd
6 490 m
Profil
T8,5
Tverrsnitt
70 m2
Fast volum fjell
454 300 m3
Laus masse på bil
817 740 m3
Plassert masse på veg
681 450 m3
Lengd borhol på salve
5,2 m
Lengd (brytning) salve
4,8 m
Ca tal borhol pr salve
125 stk.
Bormeter pr salve
650 bm
Ca tal salver
1 400 stk
Bormeter totalt
910 000 bm
Ca sprengstoff pr salve
800 kg
Ca sprengstoff totalt
1 120 000 kg
Start tunneldriving
08.12.09

Bilde frå anleggsområdet på Kalvatn