Kvivsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvivsvegen vert det kalla veganlegget som no er under arbeid i Austefjorden i Volda kommune, Møre og Romsdal og i Hornindal kommune i Nordfjord, Sogn og Fjordane. Anleggsområde no, desember 2009, er frå Geitvika i Austefjorden, Voldakommune, og til Grodås, Hornindalkommune. Før veganlegget er ferdig skal det utførast forbetringar mellom Grodås og kryss ved Riksveg 15 (Kjøsbru). Sameleis på r.v. 651 frå Volda til Geitvika. Når veganlegget er ferdig gir det fergefritt og kortare samband mellom Søre Sunnmøre og r.v. 15 austover eller Europaveg 39 sørover.

Kvivsvegen har namn etter fjellet Kviven. Det er 1027 m.o.h. og ligg på grensa mellom Volda og Hornindal. Truleg kjem namnet av verbet kvive, som tyder suse eller kvine. Då er det nok vinden på toppen som det vert utleida frå.

Skaret i Kviven har vore ferdsleveg mellom bygdene i Austefjorden, Hjørundfjorden og over til Hornindal i fleire hundre år. Gjennom tidene har der gått transportar av mange slag. Det var krøterdrifter, spelemenn, ljåsmedar med sine bører og ikkje å forgløyme friarar. Det var så seint som på 1960-talet at den siste karen frå Hornindal gjekk over fjellet her for å fri til ei Voldajente.[1]

At ferdslevegen har vore viktig forstår ein når Hjørundfjord kommunestyre alt i 1874 løyvde pengar for å utbetra vegen første gongen. I 1884 løyvde kommunestyra i Hornindal, Hjørundfjord og Volda pengar til vidare utbetring.

I 1926 var samferdslekomiteen i Osdalen for å orientera seg om veg sørover til Nordfjord. Foto frå då viser at mange har hatt interesse av saka. Etter den tid har mange linjeval vore framme i diskusjonen.

Regjeringsvedtak i 1999 sa at den framtidige riksvegen skal gå i tunnel under Kviven.[2] Då hadde kommunane Stryn, Hornindal, Volda og Ørsta garantert for 49 mill. kr til prosjektet og begge fylkestinga gått inn for Kviven som framtidig stamvegline og Europaveg 39.

No i år 2009 er anleggsdrifta starta. Frå nord går fyrste tunnelen frå Geitvika,Fyrdsbergtunnelen, den er 1125 m lang. Damfosstunnelen er 170 m lang. Kalvatntunnelen er 1600 m og Kvivstunnelen som den lengste er 6490 m. Slik det står i vegvesenet sin framdriftsplan skal 3245 m drivast frå Grodås og 3245 m frå Kalvatn. Det skal byggast ca 7800 ny veg på traseen. Dertil kjem ny veg i samband med kryss til eksisterande vegar.

<googlemap version="0.9" lat="62.000582" lon="6.466141" type="map" zoom="11"> </googlemap>

Lenker

Kjelder:

  • Frøysadal, Øystein 1968: Fjellnamn i Hordaland og Sogn og Fjordane. Namn i fjellet, Samlaget, s 77.
  • Standal, Ragnar 1996: Vegar før vegar var II. Fjelleier på Sunnmøre og i Romsdal s. 12-13.

Noter

  1. Sunnmørsposten 9.12.2009
  2. Sogn og Fjordane fylkesleksikon (10.12.2009)