Kvivsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 6. jan. 2020 kl. 08:09 av Kallrustad (Samtale | bidrag) (Noter)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Strøm: Kart over Austefjorden 1762 syner vegen over Kviven på den tida.

Kvivsvegen vert det kalla veganlegget som frå 2009 vart bygd i Austefjorden i Volda kommune, Møre og Romsdal og i Hornindal kommune i Nordfjord, Sogn og Fjordane. Anleggsområde var frå Geitvika i Austefjorden, Volda kommune, og til Grodås, Hornindal kommune. Før veganlegget er heilt ferdig skal det utførast forbetringar mellom Grodås og kryss ved Riksveg 15 (Kjøsbru). Sameleis på riksveg 651 frå Volda til Geitvika. Da hovuddelen av veganlegget var ferdig i 2012, vart det fergefritt og kortare samband mellom Søre Sunnmøre og riksveg 15 austover eller Europaveg 39 sørover.

Kvivsvegen har namn etter fjellet Kviven. Det er 1027 moh. og ligg på grensa mellom Volda og Hornindal. Truleg kjem namnet av verbet kvive, som tyder suse eller kvine. Då er det nok vinden på toppen som det vert utleida frå.

Den historiske Kvivsvegen

Skaret i Kviven har vore ferdsleveg mellom bygdene i Austefjorden, Hjørundfjorden og over til Hornindal i fleire hundre år. Gjennom tidene har der gått transportar av mange slag. Det var krøterdrifter, spelemenn, ljåsmedar med sine bører og ikkje å forgløyme friarar. Det var så seint som på 1960-talet at den siste karen frå Hornindal gjekk over fjellet her for å fri til ei Voldajente.[1]

At ferdslevegen har vore viktig forstår ein når Hjørundfjord kommunestyre alt i 1874 løyvde pengar for å utbetra vegen første gongen. I 1884 løyvde kommunestyra i Hornindal, Hjørundfjord og Volda pengar til vidare utbetring.

I 1926 var samferdslekomiteen i Osdalen for å orientera seg om veg sørover til Nordfjord. Foto frå då viser at mange har hatt interesse av saka. Etter den tid har mange linjeval vore framme i diskusjonen.

Regjeringsvedtak i 1999 sa at den framtidige riksvegen skal gå i tunnel under Kviven.[2] Då hadde kommunane Stryn, Hornindal, Volda og Ørsta garantert for 49 mill. kr til prosjektet og begge fylkestinga gått inn for Kviven som framtidig stamvegline og Europaveg 39.

Den nye vegen

Anleggsdrifta starta i 2009. Frå nord går fyrste tunnelen frå Geitvika, Fyrdsbergtunnelen, den er 1125 m lang. Damfosstunnelen er 170 m lang. Kalvatntunnelen er 1600 m og Kvivstunnelen som den lengste er 6490 m. Etter vegvesenet sin framdriftsplan vart 3245 m drive frå Grodås og 3245 m frå Kalvatn. Det skulle byggast ca 7800 ny veg på traseen. Dertil kjem ny veg i samband med kryss til eksisterande vegar.

Kvivsveganlegget er eit stort anlegg med berekna kostnad 1,04 mrd. 2008-kr. Anlegget vart styrt frå Statens vegvesens prosjektkontor på Fyrde. Oddbjørn Pladsen var prosjektleidar, han var vel kjend i dette området etter fleire store prosjekt. (Kontoret på Fyrde hadde og anlegget Bjørke - Leira og utviding av riksveg 60 Hellesylt mot Stranda.)

På kvar tunnelstuff var det ca 10 mann i arbeid pr. skift. Det var 3 skift og 4 tunnelstuffar, altså ca 120 mann som arbeidde ute. Byggherren, Statens vegvesen, hadde ca 10 mann og ledelse og entreprenørar ca 20 mann. Totalt var det dermed rundt 150 som var i arbeid på staden. Byggherre og entreprenørar hadde og folk som sat andre stader.

Berekna spesifikasjonar til dei fire nemnde tunellane på Kvivssveganlegget; totalt volum fast fjell 696 950 m3, laus masse på bil 1.182.510 m3, utlagt masser i veg 985.425 m3, antal salver 2.045 stk, antal boremeter 1.329.250 bm, mengde sprengstoff 1.636.000 kg.

Skanska hadde entreprisa på Kvivstunnelen og Mesta AS dei 3 andre tunnelane.

Planlegging og gjennomføring av rassikring og utbetring på eksisterande riksveg 651 frå Humberset til Geitvika låg under same prosjektorganisasjonen. Prosjektet bestod av: Hjartåbergtunnelen, 3.495 m, oppgradering av Årsettunnelen, ca 240 m,ca 1 km sidevegar, gang og sykkelvegar og rasteplass ved Hjartåelva.

Vegen vart opna av statsråd Liv Signe Navarsete i september 2012.

Bilde frå planleggingsperioda, Austefjorden

Bilde frå anleggstida, Austefjorden

Lenker

Kjelder

  • Avisa Firda 22. september 2012
  • Statens vegvesens prosjektkontor på Fyrde.
  • Frøysadal, Øystein 1968: Fjellnamn i Hordaland og Sogn og Fjordane. Namn i fjellet, Samlaget, s 77.
  • Standal, Ragnar 1996: Vegar før vegar var II. Fjelleier på Sunnmøre og i Romsdal s. 12-13.

Noter

  1. Sunnmørsposten 9.12.2009
  2. Sogn og Fjordane fylkesleksikon (10.12.2009)


Koordinater: 62.0087538° N 6.4706054° Ø