Kyrkjebåt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 18:50 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
«Fjordamerra» (b. 1996) ligg fortøyd ved Stemshaug i Aure kommuneNordmøre.
Foto: Olve Utne (2012).

Ein kyrkjebåt (Mal:Nyn.) eller kirkebåt (Mal:Bokm.), òg kalla kjørkjebåt, kjerkjebåt o.a. i ulike dialektar, er ein båt som tradisjonelt blir bruka til å ro frå ei grend til den kyrkja grenda soknar til. Kyrkjebåtane varierer i størrelse og utforming. Ofte vil ein kyrkjebåt ha 4–5 årepar; han kan vera spissgatta eller tverrskotta; han er normalt klinkbygd; og han er gjerne utforma i tråd med lokale bruksbåttradisjonar. På Nordmøre er det bevart ein kjerkjebåt med sju par årar — «Fjordamerra», som det er bygd fleire kopiar av frå 1990-åra av. På Ytre Nordmøre blir det elles sagt at det skal ha eksistert båtar med ni par årer. I Sverige har det vore vanleg mange stader med kyrkbåtar med sju eller fleire årepar. I Halvtron i Bergslagen er det fortalt at det var i alle fall to kyrkbåtar med 12 par årar på 1800-talet.[1]

Referansar

  1. Eskeröd 1973, s. 75.

Kjelder

  • Eskeröd, Albert: Kyrkbåtar och kyrkbåtsfärder. Stockholm : LTs förlag, 1973. ISBN 9136003506