Kyrkjestugu (Lesjaskog)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjestugu på Lesjaskog.
Foto: Arnfinn Kjelland (2004)

Kyrkjestugu vart truleg bygd i 1872[1] som eit kyrkjelyds- og kommunehus dels for Lesjaskog soknekommune og for Lesjaskog kyrkje. Området her vart frå gamalt kalla Øverlismoen, og kyrkja vart som kjent flytt hit i 1855. Men ho var ikkje oppvarma, og det er tradisjon om at ho nesten ikkje var til å halde ut i i den kalde årstida, folk måtte både trampe i golvet og slå floke under gudstenesta.[2]

Huset var opphavleg bygd i ei høgd og to rom. Ho kom frå Brandlie, og vart oppsett på nedsida av den gamle riksvegen, som framleis gjekk over Kyrkjebakken. Han vart flytt i 1888. På vestsida vart det bygd inntil inngang og sval. Utanfor vart det sett opp utedo.

Sist på 1870-talet skal Kyrkjestugu ha vore bruk som «fyrste skulehuset i bygda».[3]

Først på 1900-talet bygde Lesjaskogens Indremisjonsforening på ein etasje på huset, Kyrkjestugusalen, som bedehus. Her vart det halde søndagsskule, yngresmøte, konfirmasjonsførebuing, vekkingsmøte, 17. mai-feiring og øving i sang og musikk.

I 1968 var stugu såpass dårleg at noko måtte gjerast. Ei nemnd vart nedsett, og planarbeidet starta. Det var snakk om å flytte huset fleire stader, men etter synfaring med Riksantikvaren i 1981 vart det fastslege at stugu må sjåast på som eit kulturminne og burde bli ståande der ho stod. Det vart følgd opp, grunnmurane vart forbetra og fekk eit relativt stort påbygg på nordsida. Det vart innvigd av sokneprest Arne Koksvik i 1983.

Kyrkjestugu inngår i Kulturminneområdet på Øverlismoen.

Kjelder og litteratur

Kjelder

Koordinater: 62.232692° N 8.3479982° Ø

  1. Ein har ikkje nøyaktig opplysningar om bygginga, men Mølmen 1933 oppgir 1872.
  2. Bjølverud 1984 s. 22.
  3. Men er ikkje omtala i Einbu og Skotte 1949.