Lærarkurset i Sogndal 1885

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Lærarkurset i Sogndal 1885 vart halde i august-september på Sogndal folkehøgskule. Folkehøgskulen hadde tre år før skipa til eit liknande kurs.

Kurset hadde følgjande emne og lærarar:

Sogndal folkehøgskule fekk tilskot til kurset frå Stortinget etter å ha søkt i lag med folkehøgskular i Trøndelag og på Austlandet. Ordskiftet om søknadene til dei tre kursa førte til ein svært lang og oppheta debatt i Stortinget. Dette kom knapt to veker før Stortinget skulle ha opp framlegget til jamstellingsvedtak, og hovudtyngda av det prinsipielle ordskiftet om jamstellingsvedtaket kom difor på saka om lærarkurs.

Folkehøgskulestyrar Henrik Mohn Dahl var vararepresentant til Stortinget og møtte mars-juni 1885. Han var aktivt med i ordskiftet om tilskot til landsmålskurset.

Folkehøgskulen heldt eit liknande kurs i 1887.

Deltakarar

Kurset samla 31 faste deltakarar og 12 som var med i stuttare tid, så i snitt var det 35 som følgde kurset. Den følgande lista er ei nøyaktig avskrift av elevprotokollen.

Nr Namn Stad Merknad
1. O. K. Haldsæt Inderøen
2. Karen Haaland Beitstaden
3. Arne Kaldestad Vikør
4. Jack[?] Wedrhus Daviken
5. Anders Nygaard Indviken
6. L. Kr. Loen Indviken
7. B. K. Thue Daviken
8. Knut Lillejord Hosanger
9. Gjert Lillejord Hosanger
10. Andreas Holmås Lindås
11. Lars Søraas Bergen
12. Brynjulf Seim Voss
13. Maren Gilsvik Vefring
14. A. Ø. Gilsvik Vefring
15. Endre Vindheim Bremanger
16. Petter A. Lie Aurland
17. Anders Hauge Ladvik
18. Anders Holen Sogndal
19. Tomas Holen Daviken
20. Ole Aalen Ekefjord
21. Henrik Børnæs Sund
22. J. Linde Nærbø, Jæderen
23. Johannes Valle Volden
24. Ola Tjøraas Vikør
25. Hans Lie Lærdal
26. Erling Gurvin Sogndal
27. Nils Slinde Lærdal
28. Olav Bjørkum Lærdal
29. John Dahle Fuse Deltog ikke i hele kurset
30. Halvar Husum Lærdal Deltog ikke i hele kurset
31. Sergeant Havig Fredrikshald
32. O. Dahle Vangsnæs Deltog ikke i hele kurset
33. Olav Sande Leikanger Deltog ikke i hele kurset
34. Nils Tjøn Leikanger Deltog ikke i hele kurset
35. Tomas Kilen Årdal Deltog ikke i hele kurset
36. Jakob Bøtun Leikanger Deltog ikke i hele kurset
37. Jon Legreid Øyfjord Deltog ikke i hele kurset
38. Sjur Næsse Vik Deltog ikke i hele kurset
39. Erling Raunehaug Sogndal Deltog ikke i hele kurset
40. Per Urdahl Lyster Deltog ikke i hele kurset
41. Andreas Austlid Ullensvang (Lærer i n. landsmål)
42. Vilhelm Flugum Sogndal (Lærer i n. landsmål)
43. Kr. Bremer Lærdal (Lærer i oldnorsk)
Foredragsholder
1. H. M. Dahl (Lærer i nord. literaturhistorie)
2. Stipend. H. Ross (d. norske dialekter)
3. Sognepr. J. Walnum (Prof. Esaias)

Kjelder

  • Sogndal folkehøgskules arkiv, elevprotokoll 1881-1901
  • Bondevik, Kjell (red.). (1971). Sogndal folkehøgskule i 100 år - 1871-1971. Sogndal, s. 56.


Spraakskifte.png Lærarkurset i Sogndal 1885 er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.