Lærarmøtet i Sogn 1880

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Olav Sande innleidde om målsaka.

Lærarmøtet i Sogn 1880 er framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.

Møtet

Lærarane i Sogn brukte med nokre års mellomrom å møtast til prostilærarmøte. Sogns Lærerforening stod bak møtet, som vart halde 5.-7. juli 1880 i skulehuset på Bolstad på Skjolden i Luster. Mellom 20 og 30 lærarar var til stades. Ein del innbyggjarar følgde òg møtet.

Kyrkjesongar Ole Brathole i Luster ynskte velkomen, og kyrkjesongar Anfinn Refsdal vart vald til dirigent. Saklista lydde slik:

1. «Giv Agt paa dig selv og paa Undervisningen». (1 Timoth. 4. 16.)
2. Er Pontoppidans-Sverdrups Forklaring for stor i Forhold til Barnets Udvikling og Skoletidens Varighed, og bør den læres udenad?
3. Maalsagen.

Målsaka

Læraren Olav Sande (Leikanger) innleidde om målsaka, og det vart eit lengre ordskifte. Føredraget til Olav Sande (på landsmål) og heile ordskiftet er grundig referert i Sogns Tidende. Sande fekk støtte av dei følgjande:

Dei følgjande var skeptiske til målsaka i ordskiftet:

Ingen av dei skeptiske hadde eit skarpt negativ standpunkt til målsaka, og fleire av dei hella meir til støtte til Knud Knudsens oppnorskingsline.

Det vart ikkje gjort vedtak om målsaka.

Seinare omtaler

Med støtte i forteljingane frå aktørar på møtet har Anders Lothe (1950) framheva møtet som det store gjennombrotet for målsaka i Sogn. Omtala hans er ikkje heilt presis, og han tidfester møtet til 1878. Noko meir presis er Martinus Sørestrand (1920) si omtale av møtet.

Etter det læraren Sigurd Fjøsne har fortalt til Lothe, var det læraren Per Urdahl i Luster som sette opp saklista til møtet i samråd med Olav Sande, og dei sette opp ein post om målsaka.

Målsaka skal tidlegare ha vore drøfta på eit lærarmøte i Sogndal i 1872 etter opptak av Olav Sande. Det neste store ordskiftet om målsaka på eit lærarmøte i Sogn og Fjordane kom på amtslærarmøtet i Vadheim i 1884 (sjå Vadheimresolusjonen).

Kjelder

  • Sogns Tidende, august-desember 1880 (fyldig referat frå møtet i spreidde nummer 30.8.-3.12.1880)
  • Sørestrand, Martinus. (1920). Olav Sande 70 aar. Ung-Norig, 121-127.
  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 316, 501 og 530 (Digital utgåve, NBdigital)


Spraakskifte.png Lærarmøtet i Sogn 1880 er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.