Løfoll notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over indre del av Austefjorden

Løfoll notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Notlaget (Løfoll bruk 66/2) hadde ei landnot. Eigarar: Sivert E. Løfoll og sønene Sverre og Erik bruk 66/4. Fyrst brukte dei nota frå ein stor færing, truleg bygd av Rasmus Høydalsvik (truleg den yngste av Rasmus-ane. Der var ikkje mindre enn tre samtidige Rasmus Høydalsvik som bygde båt samtidig ei tid i Vikane). Sigurd Løfoll fotel at då han kom flyttande til Folla saman med foreldre og syskjen i 1944, var nota der, men han veit ikkje kor lenge den hadde eksistert då.

Så lenge nota har vore brukt frå færing, må den vel gå under begrepet «lissjenot». På ein færing kunne ein bruke bomullsnot opp til omlag 70 famner, med våt not vart dette tung last. Trøysta måtte vere at både trebåten og nota flaut om ein havarerte. Færingen er enno i Erik-naustet på Folla 66/4, det er montert inn midtbrønn for påhengsmotor.

Nota voks, som mange av dei andre landnøtene. Ved avslutting av bruken mellom 1955 og 1958 var den 90 famner lang og 12 famner djup, iflg. Kjell Leite. Då kjøpte Jakob Leite og Elias Førde nota og brukte den på «Vak» eller i daglegtale «Pøytapurka M 3 VA.

Når nota vaks måtte det større båt til:

«Makrel» eller «Kalvekoppen» (etter Lars Holme, fordi den var laus/rank/ustabil utan nota inne) M 99 VA, registrert på Løfoll notlag, Austefjorden. Motorkutter i tre, dekksbåt, byggeår ukjent, størrelse 26,0/8,0/4,0. Motor: Hjelset, b.år 1936, 6 HK. Statens fiskerireg. inn 1948, ute. 1950. Båten var ikkje enkel å bruke for motoren var så lei «å rase av» (tok av til ukontrollerbart turtal lik mange andre av dei gamle semidieselane). Derfor vart motoren bytt ut med ein ca. 10 HK Volda-motor, kjøpt brukt hos Sigurd Straume, Straumshamn. Denne motoren hadde tydelegvis lite lyst til å skifte eigar. På Straumshamn sette dei motoren på dekk og surra den, den stod i dekk med svinghjulet og då dei kom så langt at dei fekk Voldsfjorden på sida byrja motoren å vandre sidelengs. Dei kom seg opp på Hjartåbugen i le for Furneset, her måtte dei vente til vinden spakna før dei kom seg heim. Båten stakk for djupt til at den var god å bruke i fjøra med landnota, derfor vart det bestemt å byte den ut.

«Kjell» M 28 VA, kjøpt frå Alf Hamre, registrert på Sverre Løfoll, Volda. Motorbåt åpen, bygd i tre i 1945, størrelse 21,0/6,0/3,2. Motor: F.M b.år 1945 (denne FM-bensinmotoren var ein fryd å bruke i notbåt. Den gjekk roleg og fint på «lav tenning» på «tennspolen». Lyden gjekk gutungane og herma etter, den berre pusta roleg. Ingen støy her nei), 6 HK. Statens fiskerireg. inn 1950, ute 1956.

Båten var open og hadde stamn bak så dei hadde «notakasse» i båten.

(Notakasse finns sikkert i ein del naust framleis. Kassa var forma etter båten i passeleg lengde . Framover var begrensinga å kunne ro i robåt og omstyringa for propellen på motorbåtar. Frå overkant ripa og litt bakom bakstamnen var den flat. I bakkant hadde den «dokker» og «rull» som på ein vanleg «notagavl» («gavlbåt» med «notrull» i «dokker» på spegelen bak). På ein Djuvikfæring var det bakstamnen som låste kassa sidelengs, her var også stamnen skoren ned så den gjekk jamt med kassebotnen så nota ikkje skulle hengje seg fast).

«Kjell» vart seld omlag då den er utmeld frå Fiskeriregisteret (ute 1956) så i dei tider vart bruken av denne nota avslutta.

Løfoll bruk 2 hadde part i Storenota i Holsvik notlag (og Snurpenota då denne vart innkjøpt) og Sivert E. Løfoll er og nemnd som eigar i Grusnes/Grasnes notlag rundt århundreskiftet (1900).

Kjelder


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Løfoll notlag er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.