Løfting

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Nordlands-fembøring med løfting utanfor Nordlandsmuseet i Bodø.
Foto: Olve Utne (1978).

Ein løfting eller ein veng er ein kahytt på ein vengbåt eller ei jekt så vel som på dei større åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Løftingen nordafjells er karakteristisk ved at han faktisk gjerne kan løftast av. Det vart for eksempel gjort på lofotbåtar når dei var framkomne til Lofoten og vart bruka til fiske. I løftingen kunne det vera ein mindre skipsomn til varme og matlaging. Atterskotten vart gjerne kalla løftingen på større båtar i Trøndelag og Nord-Noreg. I Ytre Sogn vart ordet lyfting bruka ikkje berre om sjølve løftingen eller atterskotten, men òg om dei båtane som hadde løfting, enten løftingen var på eller ikkje. Halldor O. Opedal (Hardingar på sjøen, s. 16) fortel at hardingane hadde båtar som vart kalla lyftingar i eldre tider. Lyftingane var smalvorne med akterspegel og løfting, og dei vart bruka til byferder (til Bergen) om hausten og våren, og elles til sildefiske, krøttertransport og anna. Jarand Meland skal ha eigd ein slik lyfting kring 1850, og dét skal ha vore den siste. På mindre åfjordsfyringar kunne løftingen vera plassert på midten, og han vart da kalla veng.

Veng vart gjerne kahytten på storbåten, eller vengbåten, i Trøndelag kalla.[1]

Fotnotar

  1. Leirfall, Jon (1899-1998): Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene II, s. 305.