Lakshøl Bruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mai 2018 kl. 10:28 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lakshøl Bruk i Seljord.
Foto: Anne Gundersen (2017)

Lakshøl Bruk var eit sagbruk, mølle og høvleri. Bruket ligg like nedanfor Lakshølfossen i Seljord, langs E134 mot Flatdal.

Historikk

Namnet «Lakshøl» kjem frå den store «hølen» nedanfor fossen. Hølen var endestasjonen for gytevandringa til storauren i Seljordsvatn. På folkemunne vart auren kalla «laks» i Seljord.

Lakshøl Bruk har frå gamalt av vore både mølle, sagbruk og høvleri. Sagbygningen vart oppført i 1890, høvleribygningen i 1898, og mølla i 1911 (modernisert i 1939), men bruket har vore i drift mykje lengre attende i tid. Frå 1932 vart delar av bruket bygd om til kraftverk som kunne drive høvleriet i tillegg til å gje elektrisitet til ein del andre abonnentar. Kraftverket gav m.a. elektrisk ljos til Brøløs.

Kring 1950 fungerte Lakshøl Bruk som sagbruk og høvleri og solgte både uhøvla og høvla bygningsmaterialar. Mølla fungerte som bygdemølle, og bruket hadde i tillegg ei sag ute i distriktet. Bruket sysselsatte kring 15 mann, og det var Eivind Øverland som var eigar og drivar.

Arkiv

Arkivet etter Lakshøl Bruk er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Galleri

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.