Landnot

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. nov. 2010 kl. 21:41 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Lastar opp forklaring for landnot sett frå ein Austefjording sin ståsted)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Landnot er ei not som er konstruert og berekna brukt frå båt på den måten at du startar setjing frå land, set inne fisken i ein halv sirkel og tek til land med siste ende og. Så dreg du fram nota frå ein eller begge endar. Når nota er dregen så nær land at ein har "botn i nota" og korken flyt kan ein seie at fisken er berga. Landnøtene er ofte tilpassa lokale behov og kan ha mange størrelsar. Døme:

Not 20 til 40 famner lengde, såkalla «Fantenot». Ei not som passa i færingen. Rask å setje, rask å drage, rask å få i hus att om lakseoppsynet skulle dukke opp.

Not på rundt 70 famner lengde. I notlag med fleire nøter oftast kalla «Lissjenota». Brukt anten frå store færingar med notflake i eller frå gavlbåtar med rull bak for lettare setjing og framtrekk.

Not på 90 til 180 famner lengde. I notlag med fleire nøter ofte kalla «Storenota». Så lenge det var hamp eller bomullsnot var dette tunge greier å handtere og det måtte 10 personar eller meir til for handtering. Tidleg konstruksjon, spjakespel i «Notbåten» og spjakespel, seinare hansveiva spel i «Spelbåten». Så kom handdriva «sute» på eine sida av «notbåten», utover frå 1930 ser vi denne får motordrift. Frå 1970 kom det små «kraftblokker» som saman med nylonnøter gjer handtering av store landnøter handterbare for ein person.