Landnotset i Austefjordområdet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910

Notaseta eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.

Desse landnotseta er kjende i Austefjordområdet og brukte av dei lokale notlaga og tilreisande notlag.

Det er rimeleg å tru at landnota vart sett slik at «dråttane» (nota sine lange endetau) nådde i land når fisken var lageleg til på ein av kasteplassane. Det var ikkje alltid tilfelle. Det vart av og til kasta «mi-fjårs» (midtfjords/midt i fjorden/langt frå land). Ein prøvde å få fisken til å gå rundt i ring utan å sekkje seg bak på nota. Så slepa ein for begge «dråttane» og sikta seg inn på næraste stengjeplass for å «få botn i nota». Den tida ein rodde var dette arbeidssome greier. Etter at notlaga fekk tilgang på to motorbåtar, ein for kvar «drått», å slepe med vart det lettare å få nota til land. Resten av prosessen var like spennande. (Slike «kast» kunne bli berga til dømes på Hamreknullane (som ikkje vil få status som landnotset), her var grunt nok til å få «botn i nota» utan å nå land på anna vis enn at du normalt ser skjæra nede i sjøen).

Pr. mars 2014. Dei avmerka plassane for «landnotset» går med sola frå Humberst sitt byte mot Greivsnes, rundt fjorden til Høydalsnes sitt byte mot Bjørneset. Dette er same område som Busetnadssoga for Volda, band 3, Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda dekkjer. Her er det informasjon om bruka og folket som hadde litt inntekt på landlut.

Landnotset og låseplassar

N = Landnot. L = Låseplass. Hard botn; er eit uttrykk brukt av fiskarar og i fiskeriinformasjon om botn som er hard med reiskapen, stein og rusk av ymse slag.

1. Namn 2. Koordinatar 3. Plassen 4. Reidskap 5. Andre opplysningar
Løvikneset 62.10716° N 6.12583° Ø Brukbart N, L
Løvika 62.10693° N 6.12828° Ø Brukbart N, L
Storerøysa 62.10423° N 6.13458° Ø Brukbart N, L
Skyttarhammaren 62.10228° N 6.13771° Ø Brukbart N, L
Vasteinvikane 62.09879° N 6.14057° Ø Brukbart. Sjå opp for sterk straum og vind. N, L
Nausthillene 62.09612° N 6.13993° Ø Brukbart. Sjå opp for sterk straum og vind. N, L
Furneset 62.09289° N 6.14475° Ø Brukbart. Sjå opp for sterk straum og vind. N, L
Ervikstøda 62.0937° N 6.15808° Ø Brukbart. N, L
Hjartåbugen 62.09833° N 6.17899° Ø «Elin» ligg på botnen her, vanskeleg. Meinhengje.
Saudevikja (Hjorthaug) 62.09551° N 6.19575° Ø Knapt og godt. N, L
Kråkehaugen 62.0882° N 6.23778° Ø Brukbart. N, L
Selvikstøylane (29) 62.08834° N 6.24681° Ø Knapt nok brukbart. Mykje stein etter vegbygging. N, L
Djupebugen 62.08794° N 6.25057° Ø Knapt brukbart kast. Stein etter vegbygging. N, L
Benken 62.08635° N 6.25067° Ø Brukbart, nærdjupt. Glatt berg på land. N, L
Matskjæret, sørside 62.08309° N 6.25109° Ø Knapt. Ikkje brukbart lenger (2010). N, L
Kalafluda, austside 62.08232° N 6.2459° Ø Godt kast. N, L
Kalafluda, vestside 62.08227° N 6.24503° Ø Kast. Vanskeleg å berge fangst. N
Trongestyda 62.08331° N 6.2644° Ø God. N, L Også brukt til "Sekkjenot".
Andaskæret 62.08464° N 6.26843° Ø God. Straumhart. N, L
Sagstyda 62.08514° N 6.27584° Ø Alminneleg bra. N, L
Lyrehola (21) 62.08501° N 6.27986° Ø Brukbar med "fantenot". N, L
Leirvikja (Aurstad) 62.08455° N 6.28233° Ø "Paddemark" (urein botn). N, L
Laberget (20) 62.08237° N 6.28636° Ø Brukbart. N, L
Naustbugen (19) 62.08164° N 6.28984° Ø (2000) Utgått for notbruk. Marina.
Stornesberga 62.08014° N 6.30469° Ø Brukbart, men hardt (steinete, hard botn er steinbotn). N, L Også "sekkjenotplass".
Engjabugen 62.0706° N 6.31862° Ø Før vegbygging rimeleg rein frå steinrøys til Engjatunet. Ein stor stein noko av land på indre del. 2009 utgått som landnotkast grunna vegarbeid på Kvivsvegsambandet / Fyrdsbergtunnelen L
Trosvikja 62.06738° N 6.31549° Ø Knapt kast frå gamalt. Stein frå siste hundre år med vegarbeid som "hengje" N, L
Gjerdestøda 62.06553° N 6.31356° Ø Knapt kast for støda. N, L
Granden / Grasneset / tidl. Grusneset 62.06297° N 6.31646° Ø Er blaut sand å styre seg i ved fjøre sjø. Ved flod sjø blir det vanskeleg då ein får elvestraumen i nota. Er brådjupt og derfor vanskeleg å få nota i botn fort nok til å berge fisk. Ved låssetjing må ein bort under berget mot "Måenkaia" for å unngå elvestraum. N, L
Holsvika 62.05937° N 6.31266° Ø Har rein botn med unntak av ein stor stein som ligg litt utfor båtrenna frå Storenotanaustet og ei helle ved elva. (Steinen har sikkert eit namn). Holsvika har gjenom alle tider vore sikraste kasteplassen. "Lissjenota" med sine 70 famners lengde var spesialkonstruert for bruk her. Holsvik notlag hadde to like spel, eit i "Lissjenotabåten" og eit bolta fast på berget ut om Holsviknaustet. Andre notlaga med "Lissjenot" hadde not av same lengde og djupne. N, L
Holmen, Holsvikstranda 62.05917° N 6.30925° Ø Rein botn frå notahengjet litt utom Haggaren i delinga mot Djuvik-stranda, litt etter kor djup nota var N, L
Djuvikstranda 62.05913° N 6.30412° Ø Frå Haggaren ei urd, så eit lite område med «kast», så ei urd att N, L
Djuvika 62.06° N 6.30168° Ø «Kast» innom «Laurits-naustet», så urd, så «kast» frå litt innom Djuvikelva nesten til inste Stigalidet N, L
Sandstrand (4) 62.06304° N 6.29841° Ø Lite kast (vest for kai frå 1965) mellom kaiene til Skinviksandtaket. Så dårleg til utom Skinvikelva (Follabugen) N
Follabugen 62.06476° N 6.2943° Ø I fjøra til Skinvik, Botn og Løfoll. «Kast» frå Skinvikelva til elva frå Follavatnet. Ein «hund» (botnstein for "utfar" til båt eit stykke bort for Skinviknaustet, nokre steinar for Åkoma i Botnahola, noko problem rundt Kuen. Vidare mot Kieneset vanskeleg å kaste, dels grunna vanskeleg botn men mest grunna periodevis sterk straum. "Storenota" eller største landnøtene i notlaga hadde lengde for å stengje av bugen frå Kuen og inn i Skinvikreina, kortaste notlengde 150 famner, helst litt til. N, L
Flatefjøra 62.07177° N 6.29732° Ø Brukande. N,L
Leirvikskjæret (Hamre) 62.0734° N 6.29262° Ø Knapt, men godt kast. N, L
Dalen 62.07411° N 6.29129° Ø Brukande. N, L
Skårnesbukta (11) 62.0803° N 6.27355° Ø Kast på innsida mot Hamrefluda. N,L
Skårneset (11) 62.08052° N 6.27026° Ø Brukbart. N, L
Selja (12) 62.07683° N 6.27477° Ø Godt, om du berre dreg på korken. N, L
Marafallet (13) 62.06733° N 6.26549° Ø Godt, om du dreg på korken. N, L
Strandalandet (31) 62.06733° N 6.25823° Ø Skiftande til tvilsamt. Paddemark. N, L
Angslaneset (32) 62.07937° N 6.23184° Ø Knapt og tvilsamt. (2000) Mykje hytter og utfar til båt. N, L
Vikebugen, 33 (arbtittel) 62.07701° N 6.22333° Ø Frå Vikeneset med opphald i urda (der M 12 VA "Sleipner" (Urabukken) hadde naust til 1935), så kast til ???-neset (der nausta står). N, L
Dalejosteinen (34) 62.07501° N 6.22001° Ø Brukbart. N, L
Midgardsreina (arbtittel) 62.07519° N 6.21339° Ø Vanskeleg. N, L
Ryggen(35) 62.07494° N 6.20768° Ø Tvilsam. N, L
Bøstranda (36) 62.07703° N 6.19988° Ø Steinete og hardt. N, L
Jaktevika (37) 62.08198° N 6.18878° Ø N, L
Sætrevika 62.08082° N 6.17031° Ø Brukbart men hardt. N, L

Oppfordring til lesarane: Lista burde vere forlenga for heile den norske kysten av lokalkjende menneske.

Kjelder og informantar:

  • Kommunedelplan for kystsona for Volda kommune 2003 -2006 30.01.2003, sak nr. 001/2003
  • Koordinatar på ein del av punkt etter kartfesta notset og låseplassar. Eit arbeid gjort 1993 med revidering 2000 av: Hans Aarset, Johs. N. Høydal, Ragnar E. Høydalsvik, Inge Håvik, Kjell Leite. Brukte nr. i (parantes).
  • Aarset, Hans f.1936
  • Høydal, Johs N. f. 1942
  • Høydalsvik, Ragnar E. f. 1948
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951
  • Håvik, Inge f. 1941
  • Leite, Kjell f. 1946


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Landnotset i Austefjordområdet er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.0719° N 6.30788° Ø