Landvern: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Landvernet''' var ein del av den norske Hæren frå 1742 meir eller mindre fram til ordninga vart avvikla saman med mobiliseringsforsvaret sist på 1900-talet. [[Leksikon:Oppbud|...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Landvernet]]''' var ein del av den norske [[Hæren]] frå 1742 meir eller mindre fram til ordninga vart avvikla saman med mobiliseringsforsvaret sist på 1900-talet. [[Leksikon:Oppbud|Oppbodet]] vart organisert ved reskripter i 1747 slik at det skulle stillast 50 landvernsoldatar per infanterikompani og 30 per dragonkompani.
'''[[Landvern|Landvernet]]''' var ein del av den norske [[Hæren]] frå 1742 meir eller mindre fram til ordninga vart avvikla saman med mobiliseringsforsvaret sist på 1900-talet. [[Leksikon:Oppbud|Oppbodet]] vart organisert ved reskripter i 1747 slik at det skulle stillast 50 landvernsoldatar per infanterikompani og 30 per dragonkompani.


Landvernet vart sett opp med enten a) dei yngste av dei soldatane som hadde tent ferdig i dei ordinære avdelingane, eller b) mannskap i vernepliktig alder som ikkje hadde vore utskrive til desse.
Landvernet vart sett opp med enten a) dei yngste av dei soldatane som hadde tent ferdig i dei ordinære avdelingane, eller b) mannskap i vernepliktig alder som ikkje hadde vore utskrive til desse.

Sideversjonen fra 4. jan. 2012 kl. 15:00

Landvernet var ein del av den norske Hæren frå 1742 meir eller mindre fram til ordninga vart avvikla saman med mobiliseringsforsvaret sist på 1900-talet. Oppbodet vart organisert ved reskripter i 1747 slik at det skulle stillast 50 landvernsoldatar per infanterikompani og 30 per dragonkompani.

Landvernet vart sett opp med enten a) dei yngste av dei soldatane som hadde tent ferdig i dei ordinære avdelingane, eller b) mannskap i vernepliktig alder som ikkje hadde vore utskrive til desse.

Landvernet med denne organiseringa vart nedlagt att alt i 1764, men behovet for reservar og «bakre oppbod» eksisterte, og landvernet vart aktualisert att i 1814 i samband med unionsforhandlingane der det vart semje om at svenskekongen ikkje kunne disponere det norske landvernet utanfor grensene.

Landvernet er spesifisert i vernepliktsloven av 5. juli 1816, men eksisterte elles berre på papiret etter som den loven også neddimensjonerte hæren i betydeleg grad. Det var noko svenskekongen var interessert i for å redusere den norske krigsmakta, og Stortinget for å redusere kostnadene. Det vart derfor ikkje organisert landvernsavdelingar før etter ei grundig historisk avhandling om oppbodet vart utarbeidd i 1830 av høgsterettsjustitiarius Jens Chr. Berg. Han peikte på Grunnlovens krav og behovet for forsvarsstyrkar i Nord-Noreg. Stortinget vedtok i 1837 å opprette eit landvern med 8000 soldatar organisert i bataljonar og divisjonar, men det tok mange år før avdelingane vart skikkeleg organiserte og trente.

Gjennom vernepliktsloven av 1844 styrka elles Stortinget landvernet, ved å pålegge dei vernepliktige som det ikkje var behov for i feltavdelingane (linja) rekruttskule og deretter teneste i reservestyrkane og landvernet.

Det var så med hærordninga av 1887 at landvernet, saman med eit nytt oppbod, landstormen, vart fullstendig integrert i hæren med fullstendig oppsetning av alle våpenartar.

Litteratur

  • Berg, Jens Chr. 1830: Historisk Underretning om Landværnet, tilligemed nogle Efterretninger om Norges staaende Hær i Almindelighed. Christiania. trykt hos Chr. Grøndahl.
  • Berg, Roald 2001. Norsk forsvarshistorie. Bind 2. 1814-1905. Profesjon - union - nasjon. Eide forlag.
  • Skeie, Jon 1953: Norges forsvars historie. Olaf Nordlis forlag. Oslo.