Landvern: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m ({{nn}})
 
(2 mellomliggende versjoner av en annen bruker er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Landvern|Landvernet]]''' i organisert form i nyare tid vart oppretta med [[reskript]] av 15. januar 1742 som ein del av den norske [[Hæren]]. Det eksisterte meir eller mindre fram til ordninga vart avvikla saman med mobiliseringsforsvaret sist på 1900-talet. [[Leksikon:Oppbud|Oppbodet]] vart frå starten organisert slik at det skulle stillast 50 landvernsoldatar per infanterikompani og 30 per dragonkompani. Landvernsoldatane skulle vere dei yngste av dei soldatane som hadde tent ferdig i dei ordinære avdelingane. Viss avdelingane ikkje hadde nok slike, skulle mannskap i vernepliktig alder som ikkje hadde gjort teneste før utskrivast (Berg 1830 s. 202).
<onlyinclude>'''[[Landvern|Landvernet]]''' i organisert form i nyare tid vart oppretta med [[reskript]] av 15. januar 1742 som ein del av den norske [[Hæren]]. Det eksisterte meir eller mindre fram til ordninga vart avvikla saman med mobiliseringsforsvaret sist på 1900-talet. [[Leksikon:Oppbud|Oppbodet]] vart frå starten organisert slik at det skulle stillast 50 landvernsoldatar per infanterikompani og 30 per dragonkompani. Landvernsoldatane skulle vere dei yngste av dei soldatane som hadde tent ferdig i dei ordinære avdelingane. Viss avdelingane ikkje hadde nok slike, skulle mannskap i vernepliktig alder som ikkje hadde gjort teneste før utskrivast (Berg 1830 s. 202).


Fem år seinare, med reskripter av 24. og 30. juni 1747, vart landvernet organisert i kompani med «over- og underoffiserer», fekk våpen og utstyr og vart pålagt samlingar for å vedlikehalde dei militære ferdigheitene på kyrkjebakken tre ganger i året (Berg 1830 s. 209).
Fem år seinare, med reskripter av 24. og 30. juni 1747, vart landvernet organisert i kompani med «over- og underoffiserer», fekk våpen og utstyr og vart pålagt samlingar for å vedlikehalde dei militære ferdigheitene på kyrkjebakken tre ganger i året (Berg 1830 s. 209).</onlyinclude>


Landvernet med denne organiseringa vart nedlagt att alt i 1764, men behovet for reservar og «bakre oppbod» eksisterte, og landvernet vart innkalla att i 1808 i [[divisjon|divisjonar]] á 150 mann (Munthe s. 183). I samband med unionsforhandlingane i 1814 vart det semje om at svenskekongen ikkje kunne disponere det norske landvernet utanfor grensene.
Landvernet med denne organiseringa vart nedlagt att alt i 1764, men behovet for reservar og «bakre oppbod» eksisterte, og landvernet vart innkalla att i 1808 i [[divisjon|divisjonar]] á 150 mann (Munthe s. 183). I samband med unionsforhandlingane i 1814 vart det semje om at svenskekongen ikkje kunne disponere det norske landvernet utanfor grensene.
Linje 12: Linje 12:


Landvernavdelingar deltok i [[felttoget i Norge 1940]], m.a. med ein bataljon i [[Møre infanteriregiment nr 11 under andre verdenskrig|Møre infanteriregiment nr 11]].
Landvernavdelingar deltok i [[felttoget i Norge 1940]], m.a. med ein bataljon i [[Møre infanteriregiment nr 11 under andre verdenskrig|Møre infanteriregiment nr 11]].


==Litteratur==
==Litteratur==
Linje 23: Linje 22:
[[Kategori:Etableringer i 1742]]
[[Kategori:Etableringer i 1742]]
{{F1}}
{{F1}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 25. jan. 2016 kl. 13:24

Landvernet i organisert form i nyare tid vart oppretta med reskript av 15. januar 1742 som ein del av den norske Hæren. Det eksisterte meir eller mindre fram til ordninga vart avvikla saman med mobiliseringsforsvaret sist på 1900-talet. Oppbodet vart frå starten organisert slik at det skulle stillast 50 landvernsoldatar per infanterikompani og 30 per dragonkompani. Landvernsoldatane skulle vere dei yngste av dei soldatane som hadde tent ferdig i dei ordinære avdelingane. Viss avdelingane ikkje hadde nok slike, skulle mannskap i vernepliktig alder som ikkje hadde gjort teneste før utskrivast (Berg 1830 s. 202).

Fem år seinare, med reskripter av 24. og 30. juni 1747, vart landvernet organisert i kompani med «over- og underoffiserer», fekk våpen og utstyr og vart pålagt samlingar for å vedlikehalde dei militære ferdigheitene på kyrkjebakken tre ganger i året (Berg 1830 s. 209).

Landvernet med denne organiseringa vart nedlagt att alt i 1764, men behovet for reservar og «bakre oppbod» eksisterte, og landvernet vart innkalla att i 1808 i divisjonar á 150 mann (Munthe s. 183). I samband med unionsforhandlingane i 1814 vart det semje om at svenskekongen ikkje kunne disponere det norske landvernet utanfor grensene.

Landvernet er spesifisert i vernepliktsloven av 5. juli 1816, men eksisterte elles berre på papiret etter som den loven også neddimensjonerte hæren i betydeleg grad. Det var noko svenskekongen var interessert i for å redusere den norske krigsmakta, og Stortinget for å redusere kostnadene. Det vart derfor ikkje organisert landvernsavdelingar før etter ei grundig historisk avhandling om oppbodet vart utarbeidd i 1830 av høgsterettsjustitiarius Jens Chr. Berg. Han peikte på Grunnlovens krav og behovet for forsvarsstyrkar i Nord-Noreg. Stortinget vedtok i 1837 å opprette eit landvern med 8000 soldatar organisert i bataljonar og divisjonar, men det tok mange år før avdelingane vart skikkeleg organiserte og trente.

Gjennom vernepliktsloven av 1844 styrka elles Stortinget landvernet, ved å pålegge dei vernepliktige som det ikkje var behov for i feltavdelingane (linja) rekruttskule og deretter teneste i reservestyrkane og landvernet.

Det var så med hærordninga av 1887 at landvernet, saman med eit nytt oppbod, landstormen, vart fullstendig integrert i hæren med fullstendig oppsetning av alle våpenartar.

Landvernavdelingar deltok i felttoget i Norge 1940, m.a. med ein bataljon i Møre infanteriregiment nr 11.

Litteratur

  • Berg, Jens Chr. 1830: Historisk Underretning om Landværnet, tilligemed nogle Efterretninger om Norges staaende Hær i Almindelighed. Christiania. trykt hos Chr. Grøndahl.
  • Berg, Roald 2001. Norsk forsvarshistorie. Bind 2. 1814-1905. Profesjon - union - nasjon. Eide forlag.
  • Munthe, C. O. 1914: Den norske Hær indtil 1814. Kristiania.
  • Skeie, Jon 1953: Norges forsvars historie. Olaf Nordlis forlag. Oslo.