Langesund ungdomsherberge

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. okt. 2019 kl. 09:39 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Langesund ungdomsherberge''' blei starta i 1948. Herberget låg på Halen gård i Langesund i Bamble kommune. ==Historikk== I 1948 blei herregården Halen overdratt fr…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Langesund ungdomsherberge blei starta i 1948. Herberget låg på Halen gård i Langesund i Bamble kommune.

Historikk

I 1948 blei herregården Halen overdratt frå Langesund kommune til Langesund & Omegns Turistforening. Kommunen hadde tidlegare innreidd garden til leilegheiter og prestebustad, og i åra før overdragelsen budde det fire-fem familiar her. I betingelsen for overdraginga heitte det at jordarealet ikkje skulle høyre med, og at garden skulle gå attende til kommunen dersom turistforeininga opphøyrde. I tillegg fylgde ei lånegjeld på kr. 26.700,-. Turistforeininga innreia garden til ungdomsherberge og festivitetslokale, og dreiv herberg her fram til 1975 då garden gjekk attende til kommunen.[1]

Arkiv

Telemark Museum oppbevarer ei gjestebok frå Langesund ungdomsherberge. Sjå lenke til oppføring på arkivportalen.

Referansar

  1. Lund-Tangen, 1977, s. 109.

Kjelder

  • Lund-Tangen, Jac, Fra Langesunds historie, Langesund : Eget forlag, 1977. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.