Langevåg (Sula)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jun. 2009 kl. 21:41 av Siri J (samtale | bidrag) (Langevåg i Sula flytta til Langevåg (Sula): konform navnekonvensjoner)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Langevåg» har flere betydninger.

Langevåg i Sula er ein tettstad og kommunesenter i Sula kommune, staden ligg heilt nord øya Sula. Tettstaden Langevåg har omlag 5 000 innbyggare.

Frå Langevåg er det passasjerbåt til Ålesund, turen med båten tar omlag 10 min. Brukar ein bil tar turen omlag 25 minutter.

Kultur

Devold Fabrikkene har eit museum og fabrikkutsalg.

Langevåg har både eit skule- og vaksenkorps, ikkje så rart kanhende sidan både Ytre Suløens Jassensemble og The Brazz Brothers kjem få Langevåg, men staden har og fostra Nils Petter Molvær, Ragnvald Weddegjerde og Robert Post.

I 1940 byrja arbeidet med Langevåg kyrkje, men på grunn av den andre verdenskrig stod ho ikkje ferdig før i 1948.

Herrefotballaget til Langevåg IL kom i 2004 på fjerdeplass i tabellen for sunnmørsk 3. divisjon. Laget har fostra fleire talent, blant anna Magne Fylling, Trond Fylling og Trond Helgesen. Langevåg har en liten svømmehall på Røde Kors huset og bygdekino med visning en gang i uken.

Næringsliv

Ein av dei mest moderne sildoljefabrikkane i landet, Vedde Sildoljefabrikk AS ligg på Vedde. O.A. Devolds Sønner er ein tekstilbedrift som lagar produkt i ull. Bedrifta er kjent for alt frå strikkegensare til ullundertøy. Devold AMT produserer komposittmatriale til blant anna bruk i vindmøller. Annø møbler lager møbler som blant anna Beito-serien.