Lars Andreas Oftedahl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:

Frå 1809 var Oftedahl sokneprest i [[Rennesøy kommune|Rennesøy]] i Rogaland. Så kom han attende til Kristiansand i 1817 som residerande kapellan. I 1825 vart han stiftsprost i Kristiansand. Frå 1831 og fram til sin død var han sokneprest i Eiker.

== Opplysningspresten ==
I Rennesøy gjorde Oftedahl seg til talsmann for å starte opp igjen og vidareutvikle hummarfiske i sjøen der, som hadde vore drive i eit visst omfang tidlegare, men som hadde lege nede i mange år.  Frå ca. 1814 tok det seg opp att, og soknepresten arbeidde ivrig for at dette skulle bli ei næring til beste for bygda, ikkje minst for dei mindre velståande strandsitjarar, husmenn og andre fattigfolk.

Sideversjonen fra 17. mar. 2014 kl. 19:47

Lars Andreas Oftedahl (fødd i København 13. el. 19. mai 1781, død i Eiker 17. mars 1843), var teolog (sokneprest og prost), lærar og eidsvollsmann. På Eidsvoll vart han rekna til Unionspartiet. Han var ein utprega opplysningsprest, rasjonalistisk i teologien og orientert mot praktiske reformer i samfunns- og produksjonsliv. Førenamnet blir også ofte skrive Laurentius.

Bakgrunn og familie

Foreldra var Lars Larsen Oftedahl (1750-1827) og Ellen Andreasdatter Hellerup. Faren var norsk, ein bondegut frå garden Øvre Oftedal i Gjesdal i Rogaland. Han var underoffiser, og avanserte sidan til offiser (løytnant). Ellen Hellerup var dansk.

Barndomsåra fekk Lars Andreas i København, der faren var sersjant i artilleriet. Da Lars Andreas var 13 år, flytta dei til Kristiansand, der faren var blitt sekondløytnant ved tøyhuset der i 1794.

Lars Andreas Oftedahl gifta seg i Kristiansand 1. mai 1807 med Anna Norberg (fødd i Kristiansand 7. januar 1789, død i Aremark 4. mai 1867). Ho var dotter til skipskaptein, seinare losoldermann og hamnefut i Kristiansand, Thomas Jensen Norberg og Else Marie Petersdatter Michelsen.

Utdanning og embete

I Kristiansand fullførte Lars Andreas latinskulen og vart student i 1796. Han var lærar ved Kristiansand Katedralskole i 1797. Det er uvisst kor mykje han budde og arbeidde i Kristiansand og kor mykje han studerte i København dei næraste åra etter dette. Han tok i alle høve teologisk embetseksamen i 1801. Frå 1805 var han adjunkt ved Kristiansand Katedralskole.

Frå 1809 var Oftedahl sokneprest i Rennesøy i Rogaland. Så kom han attende til Kristiansand i 1817 som residerande kapellan. I 1825 vart han stiftsprost i Kristiansand. Frå 1831 og fram til sin død var han sokneprest i Eiker.

Opplysningspresten