Lars Andreas Oftedahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 3. jan. 2020 kl. 11:03 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Nedre Eiker kommune» til «[[Kategori:Drammen kommune]] [[Kategori:Nedre Eiker»)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Andreas Oftedahl (fødd i København 13. el. 19. mai 1781, død i Eiker 17. mars 1843), var teolog (sokneprest og prost), lærar og eidsvollsmann. På Eidsvoll vart han rekna til Unionspartiet. Han var ein utprega opplysningsprest, rasjonalistisk i teologien og orientert mot praktiske reformer i samfunns- og produksjonsliv. Førenamnet blir også ofte skrive Laurentius.


Bakgrunn og familie

Foreldra var Lars Larsen Oftedahl (1750-1827) og Ellen Andreasdatter Hellerup. Faren var norsk, ein bondegut frå garden Øvre Oftedal i Gjesdal i Rogaland. Han var underoffiser, og avanserte sidan til offiser (løytnant). Ellen Hellerup var dansk.

Barndomsåra fekk Lars Andreas i København, der faren var sersjant i artilleriet. Da Lars Andreas var 13 år, flytta dei til Kristiansand, der faren var blitt sekondløytnant ved tøyhuset der i 1794.

Lars Andreas Oftedahl gifta seg i Kristiansand 1. mai 1807 med Anna Norberg (fødd i Kristiansand 7. januar 1789, død i Aremark 4. mai 1867). Ho var dotter til skipskaptein, seinare losoldermann og hamnefut i Kristiansand, Thomas Jensen Norberg og Else Marie Petersdatter Michelsen.

Utdanning og embete

I Kristiansand fullførte Lars Andreas latinskulen og vart student i 1796. Han var lærar ved Kristiansand Katedralskole i 1797. Det er uvisst kor mykje han budde og arbeidde i Kristiansand og kor mykje han studerte i København dei næraste åra etter dette. Han tok i alle høve teologisk embetseksamen i 1801. Frå 1805 var han adjunkt ved Kristiansand Katedralskole.

Frå 1809 var Oftedahl sokneprest i Rennesøy i Rogaland. Så kom han attende til Kristiansand i 1817 som residerande kapellan. I 1825 vart han stiftsprost i Kristiansand. Frå 1831 og fram til sin død var han sokneprest i Eiker.

Opplysningspresten

I Rennesøy gjorde Oftedahl seg til talsmann for å starte opp igjen og vidareutvikle hummarfiske i sjøen der, som hadde vore drive i eit visst omfang tidlegare, men som hadde lege nede i mange år. Frå ca. 1814 tok det seg opp att, og soknepresten arbeidde ivrig for at dette skulle bli ei næring til beste for bygda, ikkje minst for dei mindre velståande strandsitjarar, husmenn og andre fattigfolk.

Han arbeidde elels hardt for å betre skulestellet i bygda, mellom anna ved å gje systematisk undervisning av ungdomar som skulle bli lærarar der. I 1813 fekk han i gang ein fastskule i Rennesøy i eit hus som han fekk bygd for føremålet. Det var ein framhaldsskule, dvs eit påbygg på allmugeskulen. Den var berre for gutar, som fekk undervisning i naturkunnskap, historie, morsmål og rekning. Skulesesongen vara frå mai til september. Elevar som ikkje hadde heime i nærleiken, budde i andre etasjen i skulehuset eller leigde seg inn hjå familiar i grannelaget. Skulen var i verksemd til 1821, da læraren der døydde.

Også i Kristiansand fekk Oftedahl sett i gang eit skuletiltak, ein såkalla borgarskule eller mellomskule. Den kom i gang i 1822, og var meint som førebuing til latinskulen, for born som hadde lært seg det elementære av skriving og lesing. Faga ved Oftedahls skule var religion, lesing, rekning og skriving, historie, geografi, litt latin og fransk. Oftedahl overlet skulen allereie året etter til ein annan, og den vart nedlagd i 1825.

I Kristiansand var naturleg nok stiftsprost Oftedahl aktiv i betring av fattigvesenet, mellom anna ved å lage eit utkast til fattiglov i 1828.

Han var med i leiinga av ei misjonsforeining som var aktiv i byen i andre halvparten av 1820-talet. Dei gjennomførte mellom anna ei innsamling til ein misjonsstasjon i Guinea. I dette arbeidde han, rasjonalistpresten, i hop med haugianarane i byen, så vel som med andre geistlege embetsmenn og andre.

Mindre er kjent om Oftedahls tid i Eiker, hans siste og lengst varande kall.

Oftedahl gav ut lærebøker i latin og religion.

Eidsvoll 1814

Oftedahl var Stavanger amts 1. representant til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Han slutta seg til Unionspartiets synsmåtar. Han markerte seg sterkast i debatten om Eidsvolls-garantien, som han tok standpunkt mot. Saman med medrepresentanten sin for Stavanger amt, Christen Mølbach, skreiv han eit innlegg som hevda at Riksforsamlinga berre hadde grunnlovgjevande makt, og ikkje hadde fullmakter til å ordne finanspolitikken.

Seinare gjorde ikkje Oftedahl seg særleg gjeldande som politikar, men han var 1. og 2. varamann for Kristiansand til stortinga i 1827 og 1830.

Kjelder og litteratur

  • Arneson, Søren: Gards- og ættesoga for Gjestal. Gjestal kommune 1939.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Oftedahl i Norsk biografisk leksikon (1949).
  • Koht, H. og Schnitler C.W. m.fl. (red.): Eidsvold 1814, Kristiania 1914.
  • Lindanger, Birger: Rennesøy. Bd. 4. Kultursoga. Rennesøy kommune 2006.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer 1628-1814, bd. 2, Oslo 1949.
  • Steen, Sverre: Kristiansands historie. I fredens århundre 1814-1914, Grøndhal & Søn, Oslo 1948.

Eksterne lenker