Lars Hellemo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Lars Hellemo.
Foto: Hentet fra Studentene fra 1937 (1962)

Lars Hellemo (fødd Johnsen 21. september 1917 i Sand (no Suldal kommune), død 1. juli 2009 i Stavanger) var lektor og lokalhistorikar. Han voks opp i Hetland, no Stavanger kommune. Foreldra var lærar Toralv Johnsen (1888–1963) og Karen fødd Gramstad (1891–1961). Han gifta seg i 1946 med Tora Thomsen (fødd 18. oktober 1921, død 24. april 2006) frå Fister.

Hellemo tok eksamen artium i 1937 og norsk hovudfag i 1946, med tysk og historie som sidefag. Hovudoppgåva hadde tittelen Ord og nemningar frå arbeidslivet i Suldal og Røldal. Han var fyrst lektor nokre år i Sauda. Frå 1951 til 1984 var han lektor på gymnaset i Sandnes.

Ei utvida utgåve av hovudoppgåva kom ut i skriftserien til Norsk Målførearkiv i 1957. Føremålet var å prøve å gje eit bilete av arbeidslivet frå om lag midten av 1800-talet og framover, og få med eit oversyn over det viktigaste ordtilfanget, truene og tradisjonen som knytte seg til det gamle arbeidslivet. Arbeidet hadde eit tverrfagleg opplegg, og tilfanget var samla av forfattaren i åra 1942–54.

Bibliografi (utval)

  • Frå det gamle arbeidslivet. Ord og nemningar, truer og tradisjon frå arbeidslivet i Suldal, Røldal og Sauda. 1957. 157 s.
  • Vister etter villrein. Veiding i Dyraheio og på Vidda. I: Årbok. Stavanger turistforening. 1969. S. 21–68.
  • Frå torvskurd til tingsal. Kulturhistoriske riss frå Rogaland. 1985. 84 s.
  • Rett og rangt i namneverket i Rogaland. I: Ætt og heim. 1992. S. 67–83.

Kjelder og litteratur