Forskjell mellom versjoner av «Lars Jensen (1784-1852)»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kategorier)
(Kjelder og litteratur)
 
Linje 25: Linje 25:
 
[[Kategori:Ringsaker kommune]]
 
[[Kategori:Ringsaker kommune]]
 
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
 
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
[[Kategori:Fotografi fra 1784]]
+
[[Kategori:Fødsler i 1784]]
 
[[Kategori:Dødsfall i 1752]]
 
[[Kategori:Dødsfall i 1752]]

Nåværende revisjon fra 4. apr. 2016 kl. 13:55

Lars Jensen (fødd 10/7 1784 på MælumBiri, død 8/7 1852 i Ringsaker) vaks opp som husmannsson på Biri, men avanserte til gardbrukar og stortingsmann frå Hedmark. Han dreiv samstundes privat lærarskule i Ringsaker.

Han var son av husmannsfolka Jens Haraldsen og Anne Olsdotter. Jensen kom inn på skulelærarseminaret som residerande kapellan Hieronymus Heyerdahl hadde oppretta på Toten, og vart uteksaminert herifrå i 1807. Da var han kvalifisert til å arbeide som lærar ved faste skular. Lars Jensen kom til Ringsaker i 1810, og vart lærar ved regimentskrivar Heyerdahls privatskule på Steinsrud. Denne skulen utdanna lærarar, men lærarane skulle også kunne gjera teneste som klokkarar etter avslutta utdaning.

Jensen vart tilsett som klokkar i Ringsaker i 1816, og som kyrkjesongar eit par år seinare. Han gifta seg med Agnete Andersdotter, enka på Tande, og dermed vart han gardbrukar her. Han dreiv den private lærarskulen etter Heyerdahl vidare, og flytta denne skulen til Tande. I tillegg tok han i mot yngre privatelevar; og den praktisk-pedagogiske opplæringa fekk lærarstudentane ved å undervise dei yngre elevane. I 1835 kjøpte Jensen skrivargarden Vesleringsaker, og tok skulen med seg hit. Jensen dreiv eit verdfullt undervisningstilbod som supplerte omgangsskuleordninga i Ringsaker.

Lars Jensen sat i formannskapet i Ringsaker hovudsokn i periodane 1837-1839, og 1841-1845. I perioden 1833 til 1845 var han stortingsrepresentant for Hedmarkens amt, og ved alle dei ordinære stortingssamlingane i denne perioden var han medlem av kyrkjekomiteen. Halvdan Koht skriv om Jensen: "Det var bonde-opposisjonen som bar ham frem, og han blev en av dens ledende menn på Stortinget. Han var en av de bonde-representanter som lettest forstod å sette seg inn i tingets arbeidsmaskineri, og samtidig var han en av de mest konsekvente i bondepolitikkens nærmeste formål: sparekravene og kampen mot embedsstanden. Men han hevdet også nasjonale krav. Hans stivhet overfor motpartens argumenter og hans hårdhet i uttrykkene gjorde ham til en av partiets innpiskere, så at hans innflytelse på partidannelsen i Stortinget blev ganske stor."

Medan han sat på Stortinget, kjempa han og for at det skulle bli gunstigast moglege vilkår for brennevinsbrenning på bygdene. Lars Jensen var ein av dei 20 interessentane som starta Strand Brænderi i 1843, og han var med på å etablere Ringsaker Sparebank i 1847.

Kjelder og litteratur