Lars Johannes Irgens: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(→Kjelde) |
||
Linje 15: | Linje 15: | ||
*Lindstøl, Tallak:''Stortinget og Statsraadet 1814-1914''. Kristiania, 1914 | *Lindstøl, Tallak:''Stortinget og Statsraadet 1814-1914''. Kristiania, 1914 | ||
{{DEFAULTSORT:Irgens, Lars Johannes}} | |||
[[Kategori:Personer fra Luster kommune]] | [[Kategori:Personer fra Luster kommune]] | ||
[[Kategori:Sorenskrivere]] | [[Kategori:Sorenskrivere]] | ||
[[Kategori:Eidsvollsmenn]] | [[Kategori:Eidsvollsmenn]] |
Sideversjonen fra 25. sep. 2010 kl. 17:38
Lars Johannes Irgens (fødd 9. oktober 1775, død 22. april 1830) var offiser, embetsmann og eidsvollsmann.
Irgens var presteson frå Hoff i Solør. Nokre år var han løytnant i Opplandske dragonkorps. Han vart cand. jur. i 1803 og vart same året utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn. Dette embetet styrte han til han døydde.
Irgens budde fyrst på Loftesnes i Sogndal der han leigde hus av Michel Fleischer. I 1816 flytte han til Solvorn, den gongen i Hafslo prestegjeld (no Luster kommune).[1] Der bygde han eit nytt hus, Kristianelyst, som tente som sorenskrivarbustad til 1964.[2]
I 1814 var Irgens utsending frå Nordre Bergenhus amt på riksforsamlinga på Eidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet.
Irgens døydde og er gravlagd i Solvorn. Han var far til Nils Irgens.
Notar
Kjelde
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914