Lars Johannes Irgens: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 15: Linje 15:


== Sorenskrivar ==
== Sorenskrivar ==
Han avbraut si militære karriere og søkte avskil 1803. Han avla same året juridisk embetseksamen og, vart med ein gong utnemnd til [[sorenskrivar]] i Indre [[Sogn]]. Dette embetet styrte han til han døydde.
Han avbraut si militære karriere og søkte avskil 1803. Han avla same året juridisk embetseksamen og, vart med ein gong utnemnd til [[sorenskrivar]] i [[Indre Sogn sorenskriveri|Indre Sogn]]. Dette embetet styrte han til han døydde.


Irgens budde fyrst på Loftesnes i [[Sogndal]] der han leigde hus av forgjengaren [[Michael Fleischer]]. I 1816 flytte han til [[Solvorn]], den gongen i [[Hafslo]] prestegjeld (no [[Luster kommune]]).<ref>[http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Lars_Johannes_Irgens Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane]</ref> Der bygde han eit nytt hus, Kristianelyst, som tente som sorenskrivarbustad til 1964.<ref>[http://www.domstol.no/DAtemplates/Section____17593.aspx?epslanguage=NO Sorenskrivarane i Sogn, domstol.no]</ref>  
Irgens budde fyrst på Loftesnes i [[Sogndal]] der han leigde hus av forgjengaren [[Michael Fleischer]]. I 1816 flytte han til [[Solvorn]], den gongen i [[Hafslo]] prestegjeld (no [[Luster kommune]]).<ref>[http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Lars_Johannes_Irgens Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane]</ref> Der bygde han eit nytt hus, Kristianelyst, som tente som sorenskrivarbustad til 1964.<ref>[http://www.domstol.no/DAtemplates/Section____17593.aspx?epslanguage=NO Sorenskrivarane i Sogn, domstol.no]</ref>  

Sideversjonen fra 22. okt. 2015 kl. 08:00

Mal:Thumb høyreLars Johannes Irgens (fødd 9. oktober 1775, død 22. april 1830) var offiser, embetsmann, titulær kanselliråd og eidsvollsmann.

Bakgrunn og familie

Faren var Hartvig Irgens (1743-1786), som var sokneprest i Hof i Solør da Lars Johannes var fødd. Mora var Marthe Margrethe fødd Steen (1742-1813). I 1786 fekk faren nytt kall i Vang i Valdres, men døydde før han fekk teke til der. Enkja budde ei tid på enkjesetet i Vang, Øvre Vøvle, men flytta sidan til Ringsaker, der bror hennar var sokneprest, og ho døydde der.

Lars Johannes bur saman med mora og ein yngre bror, Aage Christian, på Ringsaker prestegard i 1801. [1] Same året, 26. juli, gifta han seg der med Christiane Louise Smith (fødd i Larvik 28. september 1778, død i Lyngdal 18. juni 1858). Ho var dotter til amtsforvaltar Hans Paludan Smith og Fredrikke Perbøll.

Lars Johannes og Christiane Louise Irgens var foreldra til statsråd Nils Irgens.

Militær karriere

Seinast som 14-15-åring byrja Lars Johannes på ein militær karriere. Han var kvartermeister da han frå 1793 vart kornett a la suite (i påvente av stilling) ved Opplandske nasjonale dragonregiment. Han vart sekondløytnant ved same regimentet frå 1800, fyrst ved Vestre Hedmarkske kompani, så ved Søndre Totenske kompani i 1802. I folketeljinga 1801 er han nemnd både som sekondløytnant og student.

Sorenskrivar

Han avbraut si militære karriere og søkte avskil 1803. Han avla same året juridisk embetseksamen og, vart med ein gong utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn. Dette embetet styrte han til han døydde.

Irgens budde fyrst på Loftesnes i Sogndal der han leigde hus av forgjengaren Michael Fleischer. I 1816 flytte han til Solvorn, den gongen i Hafslo prestegjeld (no Luster kommune).[2] Der bygde han eit nytt hus, Kristianelyst, som tente som sorenskrivarbustad til 1964.[3]

Irgens døydde og er gravlagd i Solvorn.

Eidsvoll 1814

I 1814 var Irgens utsending frå Nordre Bergenhus amtriksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet.

Ein annan eidsvollsrepresentant, bondeguten og soldaten Niels Johannesen Loftesnæs var frå same garden som Irgens budde på den gongen (Loftesnes), så dei to må ha kjent kvarandre godt på førehand.

Notar

Kjelder og litteratur