Lars Johannes Irgens

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Johannes Irgens (fødd 9. oktober 1775, død 22. april 1830) var offiser, embetsmann og eidsvollsmann.

Irgens var presteson frå Hoff i Solør. Nokre år var han løytnant i Opplandske dragonkorps. Han vart cand. jur. i 1803 og vart same året utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn. Dette embetet styrte han til han døydde.

Irgens budde fyrst på Loftesnes i Sogndal der han leigde hus av Michel Fleischer. I 1816 flytte han til Solvorn, den gongen i Hafslo prestegjeld (no Luster kommune).[1] Der bygde han eit nytt hus, Kristianelyst, som tente som sorenskrivarbustad til 1964.[2]

I 1814 var Irgens utsending frå Nordre Bergenhus amtriksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet.

Irgens døydde og er gravlagd i Solvorn. Han var far til Nils Irgens.

Notar

Kjelde

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914