Lars Johannes Irgens

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreLars Johannes Irgens (fødd 9. oktober 1775, død 22. april 1830) var offiser, embetsmann og eidsvollsmann.

Irgens var presteson. Faren var Hartvig Irgens, som mellom anna var sokneprest i Vang i Valdres og Hof i Solør. Mora var Marthe Margrethe fødd Steen. Lars Johannes Irgens gifta seg på Ringsaker 26. juli 1801 med Christiane Louise Smith (fødd i Larvik 28. september 1778, død i Lyngdal 18. juni 1858). Ho var dotter til amtsforvaltar Hans Paludan Smith og Fredrikke Perbøll.

Som 14-15-åring byrja Lars Johannes på ein militær karriere. Han var kvartermeister da han frå 1793 vart kornett a la suite (i påvente av stilling) ved Opplandske nasjonale dragonregiment. Han vart sekondløytnant ved same regimentet frå 1800, fyrst ved Vestre Hedmarkske komopani, så ved Søndre Totenske kompani i 1802.

Han avbraut si militære karriere og søkte avskil 1803. Han avla same året juridisk embetseksamen og vart med ein gong utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn. Dette embetet styrte han til han døydde.

Irgens budde fyrst på Loftesnes i Sogndal der han leigde hus av forgjengaren Michael Fleischer. I 1816 flytte han til Solvorn, den gongen i Hafslo prestegjeld (no Luster kommune).[1] Der bygde han eit nytt hus, Kristianelyst, som tente som sorenskrivarbustad til 1964.[2]

I 1814 var Irgens utsending frå Nordre Bergenhus amtriksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet.

Irgens døydde og er gravlagd i Solvorn. Han var far til Nils Irgens.

Notar

Kjelder og litteratur