Lars Johannes Irgens

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreLars Johannes Irgens (fødd 9. oktober 1775, død 22. april 1830) var offiser, embetsmann og eidsvollsmann.

Bakgrunn og familie

Irgens var presteson. Faren var Hartvig Irgens (1743-1786), som var sokneprest i Hof i Solør da Lars Johannes var fødd. Mora var Marthe Margrethe fødd Steen (1742-1813). I 1786 fekk faren nytt kall i Vang i Valdres, men døydde før han fekk teke til der. Enkja budde ei tid på enkjesetet i Vang, Øvre Vøvle, men flytta sidan til Ringsaker, der bror hennar var sokneprest, og ho døydde der.

Lars Johannes Irgens gifta seg på Ringsaker 26. juli 1801 med Christiane Louise Smith (fødd i Larvik 28. september 1778, død i Lyngdal 18. juni 1858). Ho var dotter til amtsforvaltar Hans Paludan Smith og Fredrikke Perbøll.

Militær karriere

Seinast som 14-15-åring byrja Lars Johannes på ein militær karriere. Han var kvartermeister da han frå 1793 vart kornett a la suite (i påvente av stilling) ved Opplandske nasjonale dragonregiment. Han vart sekondløytnant ved same regimentet frå 1800, fyrst ved Vestre Hedmarkske komopani, så ved Søndre Totenske kompani i 1802.

Sorenskrivar

Han avbraut si militære karriere og søkte avskil 1803. Han avla same året juridisk embetseksamen og, vart med ein gong utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn. Dette embetet styrte han til han døydde.

Irgens budde fyrst på Loftesnes i Sogndal der han leigde hus av forgjengaren Michael Fleischer. I 1816 flytte han til Solvorn, den gongen i Hafslo prestegjeld (no Luster kommune).[1] Der bygde han eit nytt hus, Kristianelyst, som tente som sorenskrivarbustad til 1964.[2]

Eidsvoll 1814

I 1814 var Irgens utsending frå Nordre Bergenhus amtriksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet.

Irgens døydde og er gravlagd i Solvorn. Han var far til statsråd Nils Irgens.

Notar

Kjelder og litteratur