Lars Kinsarvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling.
Foto: Dag Brøther (2018).

Lars Kinsarvik (1846–1925) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre.

Bakgrunn og læretid

Faren, Trond Kinsarvik, var både lærar, rosemalar og snikkar. Rosemaling hadde han lært i Telemark, og denne aktiviteten vart etter kvart den viktigaste for han. Han slutta som lærar og konsentrerte seg fulltid om rosemalinga og arbeidde med dette i heimen.

Lars hadde tidleg glede av å vere i lag med faren i hans arbeid, og han viste tidleg evner for former og fargar. Derfor vart Lars motivert til å arbeide vidare med rosemaling. og han bestemte seg etter kvart for å satse på rosemaling som yrke. I 1864, som 18-åring, drog Lars til Stavanger og gjekk i lære hos ein flink malarmeister. Han fekk ei god utvikling her, men ønskte eit endå betre grunnlag for ei framtid som rosemalar. Derfor var han i to vintrar elev ved Bergens offentlige tegneskole. I Bergens-tida fekk han også undervisning hos den etablerte malaren Anders Askevold

Giftarmål. Interesse for treskjering

I 1869 gifte Kinsarvik seg med Johanne Amalie Kjærland frå Sund. Han måtte då slå seg til ro og samle seg om produksjon. Hardanger var alt på denne tida eit område med turisme, og mykje av Lars sitt arbeid var dekorering av turistvarer. Men også andre oppgåver, som rosemaling av kister og etter kvart dekorasjonsmaling på hotell i området. Dette kunne han leve av som familiefar.

Men ei gammal interesse for treskurd melde seg. Han skreiv seinare: «Træskjærarkunsti laag i meg fraa eg var 14 aar paalag» (Engen 1996 s.17). Og det blei snart meir og meir treskurd, særleg i tider på året når det var lite turistar. Kinsarvik skaffa seg etter kvart eit betre og betre grunnlag for treskurd, - gjennom møte med andre treskjerar, og gjennom korrespondanse med personar som hadde kunnskap om tradisjonell ornamentikk. Dette vart inspirasjonen for hans eige virke som treskjerar. Utover på 1870-talet kjende han seg så trygg som treskjerar at han tok inn elevar på verkstaden sin. Og han blei sjølv treskjerar på heiltid.

Han fekk i 1883 H.M. Kongens sølvmedalje for sitt treskjerararbeid ved Industri- og KunstutdstillingenTullinløkka i Christiania.

Eigen treskjerarskule Utvikling av personleg stil

Lars Kinsarvik sitt treskjerararbeid blei lagt merke med, og pågangen på elevar var så stor at Kinsarvik i 1886 starta opp eigen skule for treskjering og rosemaling I Kinsarvik. Dette var han blitt sterkt oppmoda til å gjere av sentrale personar innanfor husflid og kunstindustri i Norge. Kinsarvik satsa sterkt på denne skulen, samtidig som han var inne i ein periode med rik utvikling i sitt eige arbeid. Han gjekk etter kvart bort frå den tradisjonelle stilen han hadde sett i stavkyrkjer og mange andre gamle arbeid. Og han arbeidde seg fram til ein eigen stil som både er blitt kalla «dragestilen» og «Kinsarvik-stilen». Ei vidare utvikling var at han på 1890-talet begynte å fargelegge treskurden og arbeidde seg slik etter kvart fram til den «fullborne» Kinsarvik-stilen. Etter kvart vart det færre elevar på skulen og Kinsarvik trekte seg ut i 1890. Han kunne då i endå større grad satse på eige arbeid, m.a. med store oppdrag frå hotell både i Hardanger og vidare. Også med ein del oppdrag i kyrkjer.

Til Sunnmøre

Lars Kinsarvik: Altertavla i Dalsfjord kyrkje.
Foto: Elias Sætreås (2018).

I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.

Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar. Frå 1899 fekk han også etter årleg søknad eit statsstipend på kr. 1000 "-- til fortsættelse af hans virkseomhed paa træskjærerkunstens omraade". Dette fekk han etter årleg søknad fram til 1918 (Engen 1969 s. 42). Såleis kunne han nå arbeide friare enn før.

Men han la ikkje det eigentlege arbeidet sitt på hylla. Johann Bjørdal dreiv ein treskjerarskule i Volda. Og her fekk Kinsarvik arbeid som med-lærer. Men her låg det også til retter for å arbeide med eigne oppdrag.

Kinsarvik flyttar til Volda

I 1908 flytte Lars Kinsarvik til nabobygda Volda. Det året slutta Alvestad som styrar ved Møre folkehøgskule. Dermed vart ikkje banda til Ørsta så sterke. Viktigare var det nok at Kinsarvik hadde eit ønskje om å bu på eigen grunn. Lengst opp i Vikebygda i Volda fekk han kjøpt ein liten gard. Her bygde han ein romsleg heim for sin store familie. Og når det gjeld arbeidet hans: Han fekk også bygd ein stor verkstad.

Kinsarvik må ha hatt ein sterk trong for ha større armslag for sitt arbeid med treskjerarjarn og pensel. Det fekk han verkeleg i Vikebygda. Sjølv hadde han nå rik erfaring innanfor dei ulike sidene av arbeidsfeltet sitt. Han hadde fått eit namn nasjonalt slik at han fekk oppdrag frå mange deler av landet. Han hadde skaffa seg gode ytre vilkår i Vikebygda, slik at han kunne ta inn lærlingar. Lærlingar som også kunne hjelpe han i produksjonen. Det same kunne fleire av barna hans, - barn som førde interessene og evnene til faren vidare. Dei blei også heilt nødvendige medarbeidarar som utfylte kvarandre i mange av dei store oppdraga.

Og oppdraga kom

Engen (1996 s.69) har funne at Lars Kinsarvik i åra frå 1907 til 1915 hadde oppdrag i 12 kyrkjer. «Og arbeidet spente frå berre oppattmåling av gamle altertavler til full innreiing av kyrkja med innbu og måling». Og i tillegg til dette ei mengd andre arbeid: Dekorasjonar og møbler til fleire Kaffistover, store møblement og eit «utal» av einskildmøbler som skap, stolar, bord osv. osv.

Lars Kinsarvik hadde nok sin viktigaste arbeidsperiode, og nådde toppen, i åra i Volda. Det aller største oppdraget kom i 1915 frå Eid i Nordfjord. Her fekk han setje sitt preg på heile kyrkjerommet. Med god hjelp av sønene Arne og Lars. Det største arbeidet etter Lars Kinsarvik i Volda kommune er altartavla i Dalsfjord kyrkje. Om denne tavla skriv Ekroll (2012 s.227) "Altartavla er kyrkja sin største skatt." og vidare: "Altartavla er skoren i Kinsarvik sin særmerkte stil som er sett saman av mellomaldersk ornamentikk, dragestil og norsk folkekunst." Altarbildet er "ein kopi av altarbiletet i Johannekyrkja i Bergen, utført av Marius Grønvold.

Arbeidet tar slutt

Bauta over Arne og Lars Kinsarvik i Volda sentrum.
Foto: Arnfinn Kjelland 2009

Kyrkja i Eid blei det siste store arbeidet av Lars Kinsarvik. Han fekk grøn stær. Fleire operasjonar var til lite hjelp slik at Lars etter kvart miste synet heilt. Kinsarvik var gift tre gonger. Tredje kona hans var Kristi Arnesdotter Skeie, frå 1889. I 1917 valde Lars, i lag med kona Kirsti, å flytte tilbake til Kinsarvik. Her levde han fram til 1925. Då synet svikta, svikta også inntektene. Statsstipendet på kr. 1000 fekk han ut året 1918. "Og frå 1919 vart det omgjort til ein fast pensjon årleg på 1200 kr. Denne pensjonen fekk Lars så lenge han levde, og Kristi etter han så lenge ho levde" (Engen 1996 s.78).

Lars Kinsarvik levde fram til 1925. Han kom til å betyr svært mykje for bygda Volda dei åra han levde her. Og etterkomarar førde tradisjonen vidare frå heimen høgst oppe i Vikebygda.

Kjelder

  • Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene
  • Engen, Arnfinn (1969): Lars Kinsarvik. Lillehammer
  • Rotevatn, Jarle S.: Arne og Lars Kinsarvik. Kinsarvikjubileet 17. mai 1990. Minneskrift.


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Lars Kinsarvik er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.