Lars Moen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Moen på veg heim att frå Sachsenhausen i 1945.

Lars Magnus Moen (fødd i Lesja 29. november 1885, død på Lillehammer fylkessjukehus 22. april 1964) var skreddar og politikar. Han var «husmannsguten som kom til kongens bord» idet han vart kyrkje- og undervisningsminister under statsministrane Einar Gerhardsen og Oscar Torp, i åra frå 1948 til 1953. Som stortingsmann og statsråd gjorde Moen mykje for å betre skulestellet i landet. Mellom anna gjorde han fyrste opptakten til den niårige grunnskulen. I hans statsrådstid vart ei rad viktige kulturinstitusjonar grunnlagde som gjorde mykje til å demokratisere tilgangen til kulturtilbod, geografisk og sosialt. Han skreiv nynorsk, og hadde på lang sikt eit ønske om språkleg samling i landet. Under krigen vart han arrestert for motstand mot regimet, og sat tre og eit halvt år i konsentrasjonsleir.

Familie og sosial bakgrunn

Lars Moen var fødd på plassen Rånålykkja på Lesjaskogen. Det var husmannsplass under Sygard Rånå. Foreldra hadde teke til der året før Lars vart fødd. Faren, Tore Engebretsen (1859-1944) var frå Liaholen, ein annan husmannsplass i same bygda. Mora, Marie Larsdotter (1862-ca. 1906) var frå Dale i Isfjorden. Tore og Marie hadde gifta seg i 1882, og tok til på Rånålykkja ca. 1884. Dei fekk åtte born saman i tidsrommet 1883-1903. Lars var fødd som nummer to i syskenflokken. Etter at Marie var død, gifta Tore seg opp att, og fekk fire born til.

Da Lars var 10 år, flytta familien til ein annan husmannsplass på Lesjaskogen, Kvamsmoen eller berre Moen under garden Sy Kvam. Det er herifrå Lars Moen tok etternamnet sitt. Kvamsmoen var elles den siste husmannsplassen som var i drift på Lesjaskogen, til 1933 da han vart frådelt garden og gjort til sjølvstendig bruk som halvbroren Trygve kjøpte.

Skule og læretid, ekteskap og yrkesgjerning

Av formell skulegang hadde Lars Moen berre den sjuårige folkeskulen. 14 år gammal kom han i skreddarlære, fyrst på Lesja, sidan hjå skreddarmeister Mikkelsen på Lillehammer. Deretter var han i lære og/eller skreddarverksemd på Elverum.

På Elverum vart han kjend med Kristine Tollevsdotter Diseth frå Åmot i Østerdalen (1876-1948). Dei to gifta seg i 1911, same året som Moen opna eiga skreddarforretning på Dombås, der dei slo seg til for godt.

Politisk karriere fram til krigen

Organiseringa av arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen skaut for alvor fart rundt 1920. Lars Moen var tidleg med. Ved partisplittinga i 1923, der Arbeidarpartiet og kommunistane skilde lag, var Moen av dei som gjekk i bresjen for å halde seg til Arbeidarpartiet. Han stod på vallista til stortingsvalet, og vart fyrste varamann. Han sat i styret for Gudbrandsdalen Arbeiderparti frå skipingsåret 1923 og var formann der 1932-1948.

I kommunepolitikken var Moen aktiv frå 1920. Han sat i kommunestyret i Dovre i fleire periodar, og hadde ei rad kommunale og andre offentlege tillitsverv og oppgåver. Han var formann i Oppland fylkesskulestyre i 20 år frå 1928-1948, med unntak frå okkupasjonstida.

Etter å ha vore varamann til Stortinget eit par periodar, vart han innvald som representant i 1928, og var deretter medlem av alle storting til 1957. Som stortingsmann gjorde han ein særleg innsats for skulepolitikken. Han kom allereie i fyrste perioden sin i kyrkje- og skulekomiteen, og var sekretær for denne i åra før krigen. Han var ordførar i Stortinget for den viktige lova om folkeskulen på landet (1935). Han var likeins ordførar for framhaldsskulelova, men denne rakk ikkje å kome til vedtak før krigen.

Grini og Sachsenhausen

Lars Moen vart arrestert av Gestapo i desember 1941 og sett på Grini fangeleir. I april 1942 vart han send til Tyskland og sat i konsentrasjonsleir til Tyskland kapitulerte, det meste av tida i Sachsenhausen.

Moen er representert med fem dikt i ei samling med dikt frå Sachsenhausen som kom ut etter krigen.[1]

Statsråden

Frå 1946 var Moen formann i kyrkje- og skulekomiten på Stortinget. Han var samstundes sekretær i Stortinget og medlem i styret av og sekretær i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet.

Sommaren 1948 gjekk han inn i regjeringa som kyrkje- og undervisningsminister. Han tok over etter Kaare Fostervoll, som da hadde vorte utnemnd til kringkastingssjef.

Skulevesenet

På skulesektoren er det særleg to område som kom i fokus for Moen: lov om spesialskoler av 1951, som sameina i ei og same lov bestemmelsar for fem ulike spesialskuleslag. Alt frå lenge før krigen hadde Lars Moen vore oppteken av det offentlege ansvaret for vanskelegstilte og handicappa born. Han var formann i den departementsoppnemnde nemnda for skuleheimane. Det var kombinerte skular og barneheimar for born som hadde vore utsett for omsorgssvikt eller som av andre grunnar gjorde dei lite eigna for det vanlege skulestellet. Nemnda kom med forslag til ei omorganisering av dette spesialskuleslaget som var oppretta i 1939.

I 1953 fremma departementet under Lars Moen stortingsmelding nr. 9 1953, som la fram retningslinjer for utbygging av dei allmenndannande skulane frå grunnskulenivået og oppover til og med gynmnaset/vidaregåande. Forslaget inkluderte opplegg til ei stipendordning. Eit konkret resultat av meldinga var Lov om forsøk i skolen og Forsøksrådet. Alt dette peikte framover mot den nye skulelova av 1959, som gav lovheimelen for innføring av obligatorisk niårig grunnskule.

Kunst og kultur, opplysnings- og ungdomsarbeid

Kaare Fostervoll hadde lagt grunnlaget for fleire viktige kulturinstitusjonar i statsrådstid, medan Lars Moen var den som førde sakene i mål da han overtok som statsråd. Riksteateret kom i gang frå 1949, Norsk bygdekino året etter. Moen tok initiativ til Riksgalleriet, instituert i 1952. Statens teaterskule vart planlagt og sett i gang, og dei fyrste løyvingane til operaen i Folketeaterbygningen kom på statsbudsjettet. Moen sat seinare i mange år som representant for departementet i styret for Den Norske Opera. Noregs andre universitet kom i gang i Bergen 1948. Norges allmennvitenskapelige forskningsråd og Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd vart båe skipa i 1949. Statens bibliotektilsyn vart gjort til direktorat med eit meir omfattande arbeidsområde enn tidlegare.

Statens ungdoms- og idrettskontor (STUI)vart oppretta, og idrettssakene overført dit frå Sosialdepartementet. Dette var truleg spira til det som frå 1970-talet skulle bli kalla det utvida kulturomgrepet. Det er innbaka i dette sitatet frå stortingsproposisjonen som Moen la fram om stønad til organisert ungdomsarbeid og fritidskultur:

«Departementet ser i sammenheng arbeidet med teater og riksteater, vandreutstillingar, film, studieringar og foredragsverksemd, amatør- og idrettsarbeid. Det er sider av eit samla kulturarbeid med tanke på å gje kvar einskild det høvet han har krav på til å få del i kulturgode.»[2]

Kunstnarane og deira organisasjonar sette Lars Moen høgt som minister. Det viste seg mellom anna ved at 70-årsdagen hans i 1955 vart feira ved ein stor fest i Oslo Militære Samfund, arrangert av Riksteateret, Riksgalleriet og Den norske forfatterforening.

Nynorsk og samnorsk

Lars Moen skreiv nynorsk. Hans autoritet var truleg medverkande til at nynorsken fekk så vidt sterk oppslutning i arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen, noko som i sin tur gjer sitt til å forklare det gjennomgåande språkskiftet til nynorsk der i 1930-åra. Moen var begeistra for lyrikken til nynorsk- og nasjonalskalden Olav Aukrust, om enn både ideinnhald og patos hjå diktaren var nokså langt frå det vi elles set i samband med Lars Moen. Moen var heller ikkje som Aukrust nokon «høgnorskmann» som heldt strengt på Aasen-normalen og understreka banda attende til det norrøne språket. Som statsråd gjorde han framlegg for Stortinget til det som i 1952 vart etablert som Norsk språknemnd, og som mellom anna hadde som mandat å «fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn».

Moen sjølv gav uttrykk for denne samnorsklinja i følgjande utsegn:

«Føresetnaden må vera at eit slikt organ skal hjelpe til å peike ut den beste vegen fram til det målet alle vetuge menneske vel må vera samde om: nemleg språkleg samling når tida er inne.»[3]

Politikken etter statsrådtida: ein kamp for åndsfridomen

Lars Moen vart råka av eit slagtilfelle i 1953, og måtte av den grunn trekkje seg ut av regjeringa. Men han kom seg såpass på beina at han stilte og vart vald på nytt til stortinget 1953-1957. I den perioden sat han som varaformann i kyrkje- og undervisningsnemnda. Den saka han vel engasjerte seg sterkast fori den perioden, var ei lovendring i lov om Embedsmænds Trosbekjendelse, som Moen var saksordførar for. Konservative kristne ville halde fast ved vedkjenningsplikta for lektorar og rektorar i skulen, medan Moen var talsmann for at «ikkje berre trua, men også tvilen har krav på respekt».[4] Han gjekk ikkje til felts mot statskyrkja som såvoren, men stilte vilkår: «Ei statskyrkje sin moralske rett til å eksistere er avhengig av om ho kan og vil gje plass for åndsfridom.»

Pensjonist og lokalhistorikar

Etter denne stortingsperioden trekte Lars Moen seg attende som pensjonist i heimen sin på Dombås. Ikkje så lite av tida si eigna han nå til skrivearbeid, mest av lokalhistorisk karakter. Han skreiv mellom anna historia om Dombås samvirkelag gjennom 40 år og eit 100-årsskrift for Dombås skyttarlag i 1963.

Det største arbeidet var Gudbrandsdal Arbeidarparti 40 år. Det var historia både om distriktsorganisasjonen og om dei lokale laga i alle dalens kommunar frå 1923.

Referansar

  1. Dalgard, Olav, Bjarne Aanesen, Carl Jakhelln og Lars Moen: Dikt fra Sachsenhausen, Oslo 1945
  2. Sitert frå Hove, A. 1964 side 29.
  3. Sitert frå Hove, A. 1964 side 28.
  4. Sitert frå Hove, A. 1964 side 30.

Kjelder og litteratur