Lars Moen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Magnus Moen (fødd i Lesja 29. november 1885, død på Lillehammer fylkessjukehus 22. april 1964) var skreddar og politikar. Han var «husmannsguten som kom til kongens bord». Moen var kyrkje- og undervisningsminister i Gerhardsens regjering frå 1948 til 1953. Som stortingsmann og statsråd gjorde han mykje for å betre skulestellet i landet. Mellom anna gjorde han fyrste opptakten til den niårige grunnskulen. I hans statsrådstid vart ei rad viktige kulturinstitusjonar grunnlagde som gjorde mykje til å demokratisere tilgangen til kulturtilbod, geografisk og sosialt. Han skreiv nynorsk, og hadde på lang sikt eit ønskje om språkleg samling i landet.

Familie og sosial bakgrunn

Lars Moen var fødd på plassen Rånålykkja på Lesjaskogen. Det var husmannsplass under Sygard Rånå. Foreldra hadde teke til der året før Lars vart fødd. Faren, Tore Engebretsen (1859-1944) var frå Liaholen, ein annan husmannsplass i same bygda. Mora, Marie Larsdotter (1862-ca. 1906) var frå Dale i Isfjorden. Tore og Marie hadde gifta seg i 1882, og tok til på Rånålykkja ca. 1884. Dei fekk åtte born saman i tidsrommet 1883-1903. Lars var fødd som nummer to i syskenflokken. Etter at Marie var død, gifta Tore seg opp att , og fekk fire born til, som altså var halvsyskena til Lars.

Da Lars var 10 år, flytta familien til ein annan husmannsplass på Lesjaskogen, Kvamsmoen eller berre Moen under garden Sy Kvam. Det er herifrå Lars Moen tok etternamnet sitt. Kvamsmoen var elles den siste husmannsplassen som var i drift på Lesjaskogen, til 1933 da han vart frådelt garden og gjort til sjølvstendig bruk som halvbroren Trygve kjøpte.

Skule og læretid, ekteskap og yrkesgjerning

Av formell skulegang hadde Lars Moen berre den sjuårige folkeskulen. 14 år gammal kom han i skreddarlære fyrst på Lesja, sidan hjå skreddarmeister Mikkelsen på Lillehammer. Deretter var han i lære og/eller skreddarverksemd på Elverum.

På Elverum vart han kjend med Kristine Tollevsdotter Diseth frå Åmot i Østerdalen (1876-1948). Dei to gifta seg i 1911, same året som Moen opna eiga skreddarforretning på Dombås, der dei slo seg til for godt.

Politisk karriere fram til krigen

Organiseringa av arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen skaut for alvor fart rundt 1920. Lars Moen var tidleg med. Ved partisplittinga i 1923, der Arbeidarpartiet og kommunistane skilde lag, var Moen av dei som gjekk i bresjen for å halde seg til Arbeidarpartiet. Han stod på vallista til stortingsvalet, og vart fyrste varamann. Han sat i styret for Gudbrandsdalen Arbeiderparti frå skipingsåret 1923 og var formann der 1932-1948.

I kommunepolitikken var Moen aktiv frå 1920. Han sat i kommunestyret i Dovre i fleire periodar og hadde ei rad kommunale og andre offentlege tillitsverv og oppgåver. Han var formann i Oppland fylkesskulestyre i 20 år frå 1928-1948, med unntak frå okkupasjonstida.

Etter å ha vore varamann til Stortinget eit par periodar, vart han innvald som representant i 1928, og var deretter medlem av alle storting til 1957. Som stortingsmann gjorde han ein særleg innsats for skulepolitikken. Han kom allereie i fyrste perioden sin i kyrkje- og skulekomiteen og var sekretær for denne i åra før krigen. Han var ordførar i Stortinget for den viktige lova om folkeskulen på landet (1935). Han var likeins ordførar for framhaldsskulelova, men denne rakk ikkje å kome til vedtak før krigen.