Lars R. Nedrelid

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. okt. 2010 kl. 09:58 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lars R. Nedrelid''' (fødd 6. mars 1883, død 4. november 1952) var frå husmannsplassen Oppistova under Nedrelid. Han fekk høve til å ta lærarutdanning, og …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars R. Nedrelid (fødd 6. mars 1883, død 4. november 1952) var frå husmannsplassen Oppistova under Nedrelid. Han fekk høve til å ta lærarutdanning, og han budde fyrst med huslydein sin i barndomsheimen i Oppistova. I 1930 flytte han så til Sperla (bnr. 2) der han vart gardbrukar og budde resten av levetida.

Lars R. Nedrelid vart tilsett som lærar og klokkar i Jostedalen i 1919. Han var klokkar fram til 1922 og arbeidde som lærar resten av livet. I 1927 var han styreformann (direktør) for Jostedal sparebank.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 183 og 272. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.



Forgjengar:
 Anders Hjellum 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ove Haug