Lars R. Nedrelid

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 8. nov. 2017 kl. 14:01 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (-)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars R. Nedrelid (fødd 6. mars 1883, død 4. november 1952) var lærar i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han kom frå husmannsplassen Oppistova under Nedrelid og var son av husmannen Rasmus Larsson Nedrelid (1842-1906) og Britha Larsdotter (1849-1917) frå Sperla. Dei fekk i 1880-åra rydda seg denne husmannsplassen, som hadde heller lite jord. Lars var nummer tre og eldste son i ein syskenflokk på fem der fire voks opp.

Lars gjekk Sogndal folkehøgskule kring 1900 og fekk seg deretter lærarutdanning. Han var lærar i Jostedalen frå 1907 og livet ut. Han gifte seg 6. november 1917 med Kari Kristoffersdotter (1897-?) frå Gardshaugen under Nedrelid. Lars budde truleg heime i Oppistova frå han flytte til Jostedalen etter lærarutdanninga og ei tid etter at han gifte seg med Kari. I 1930 flytte dei så til Sperla der dei 24. februar 1931 fekk skøyte på Øvre Sperla (bnr. 2).

Lars R. Nedrelid vart kanskje òg klokkar i Jostedalen 1919-1922.[1] I 1927 og 1930-33 var han styreformann (direktør) for Jostedal sparebank.

Lars var målmann, og me finn han som aktiv i Jostedal mållag frå hausten 1908 og som styremedlem i laget frå 1910 (laget sovna same året. Sjå elles Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).

Lars og Kari fekk seks born.

Notar

  1. Det er sprikjande opplysningar om Ove Wangensteen Haug eller Lars R. Nedrelid var klokkar i Jostedalen 1919-22.

Kjelder og litteratur

  • Lars Rasmusen Nedreli i folketelling 1900 for Jostedal herred fra Digitalarkivet.
  • Lars Rasmussen Nedreli i folketelling 1910 for Jostedal herred fra Digitalarkivet.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 183 og 272. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Fretland, Jan Olav, og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn - glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56. (Digital utgåve)

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Anders Hjellum 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ove Wangensten Haug