Lars Utne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Utne er gravlagd ved Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Lars Utne (18621922) var ein bilethoggar frå Utne i det noverande Ullensvang herad i Hardanger. Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik; seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.

I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.

Han var overlærar ved Den kongelige kunst- og haandverksskole i Kristiania, der han sjølv hadde studert då det heitte Den kongelige tegneskole.

Han var gift med Ragnhild Utne f. Qvam (f. 1869). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.[1]

Han er gravlagd ved Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit portrettrelieff av han.

Referansar

  1. Lars Utne i folketeljinga 1910 for Asker herred frå Digitalarkivet.

Kjelder

Mal:Thumb høyre