Lars Utne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Lars Utne (18621922) var ein bilethoggar frå Utne i det noverande Ullensvang herad i Hardanger. Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik; seinare studerte han ved Den kongelige norske Tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.

I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.

Han er gravlagd ved Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit portrettrelieff av han.


Kjelder

Mal:Thumb høyre


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Lars Utne» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.